Renovasjon
Vi har to ulike løysingar for hytte / fritidshus:
1. Felles renovasjon
Vi har felles konteinar på ulike områder i kommunane.
Fritidsbustadane er i renovasjonsforskrifta kategorisert slik:
- Kategori 1
Hytter, fritidshus og bustadhus der det ikkje er fastbuande, og som oppfyller alle 3 kriteria:
a. Innlagt straum
b. vatn og avlaup
c. veg som er køyrbar heile året eller båtbrygge
- Kategori 2
Hytter/bustadhus som ikkje har fastbuande og som oppfyller minst 1 av kriteria i kategori 1.
- Kategori 3
Alle hytter og bustadhus som er større enn 20 m2 BRA, og som ikkje oppfyller nokon av kriteria i kategori 1
- Kategori 4 (fritekne)
Hus, hytter, sel mindre eller lik 20 m2 BRA.
.
2. Dunk til restavfall/papir,papp,kartong, plastemballasje, matavfall og glas- og metallemballasje
Dunken skal setjast fram ved vegkanten på hentedag.
For prisar på renovasjonsgebyr sjå her: Gebyrsatsar
Aktuelle hentedager for løysning 2 finn du her: Tømmekalender
For meir informasjon om kvifor renovasjon for fritidshus er innført, les her: Orientering vedkomande fritidshusrenovasjon
Sjå også informasjon frå Miljødirektoratet om avfallsgebyr fritidshus: Differensierte avfallsgebyr
Det kan søkjast fritak for hytter, fritidshus og bustadhus som er mindre enn 20 m2 BRA eller står til nedfall.
Kjeldesortering i hytterenovasjonen
Krava til hytte- og fritidsrenovasjon i Noreg har blitt skjerpa. Det er no eit krav at det skal leggast til rette for kjeldesortering – ikkje berre der vi bur, men også ved fritidsbustadane våre. For å få til ei tenleg løysing som både held kostnadane nede og samstundes stettar krava, legg VØR i 2025 til rette for kjeldesortering på tre nye plassar: Harevadet, Bondalseidet og på Hunneset langs Austefjordvegen. Frå før har vi tilbod om kjeldesortering på punktet ved Melsgjerdet.
Dagens kontainerar på Årset, Aurstad og ved Aldalsvegen vert erstatta av eit nytt punkt på den vestlege kontrollplassen på Hunneset, langs E39. Dette vonar vi vil vere ein lett tilgjengeleg og trafikktrygg stad, der flest mogleg i området får tilgang på anlegg med kjeldesortering.
Oversikt felles kontainerar for fritidshus
Ørsta
1. Trandal: Ved krysset mot Ytre og Indre-Trandal (restavfall, papp/papir, glas- og metallemballasje)
2. Festøya: Ved ferjekaia (restavfall)
3. Vartdal: På nedsida av Spar-butikken (restavfall og glas- og metallemballasje)
4. Standaleidet: Ved parkering Alpehyttene (restavfall og glas- og metallemballasje)
5. Bondalseidet: På den store parkeringsplassen til skisenteret ved vasskummen (full sortering)
6. Leknes: Ved ferjekai (restavfall og glas- og metallemballasje)
7. Øye: Ved brannstasjonen (restavfall og glas- og metallemballasje)
8. Rjånes: Ved gamle ferjekai (restavfall og glas- og metallemballasje)
9. Nipevegen: Ved Nipehyttene (restavfall og glas- og metallemballasje)
10. Miljøstasjonen: Hovdebygda i opningstidene (full sortering)
11. Melsgjerdet: Ved omlastingsstasjonen (døgnopen med nøkkelkort - full sortering)
Volda

1. Lauvstad: På kaia ved butikken (restavfall og glas- og metallemballasje)
2. Indre Dalsfjord: Ved Mowi sitt bygg i Steinsvik mot sør (restavfall og glas- og metallemballasje)
3. Folkestad: Ved Gamleskuletomta ved butikken (restavfall)
4. Bjørkedal: Ved Statens Vegvesen garasje mot Stigedalen (restavfall og glas- og metallemballasje)
5. Hunneset: Vestlege kontrollplassen på Hunneset, langs E39 (full sortering)
6. Kalvatn: I krysset Kvivsveg – veg mot Bjørke (restavfall og glas- og metallemballasje)
7. Hornindal: Miljøstasjonen Grodås, Ytrehornsvegen 49 (restavfall, glas- og metallemballasje, papp/papir)
8. Hornindal: Kjøsapollen (restavfall)
9. Hornindal: Ved Horndøla bru (Muldsvorvegen 30) (restavfall og glas- og metallemballasje)
10. Hornindal: Engane parkeringsplass (restavfall)
11. Hornindal: Harevadet ved skisenteret (full sortering)
12. Berkneset: Ved den gamle ferjekaia (restavfall og glas- og metallemballasje)
Last ned brosjyre renovasjon fritidshus
Når det gjeld anna avfall som papp/papir, plast og drikkekartongar har ein høve til å levere dette fritt på Miljøstasjonen i Hovdebygda som vanleg. Miljøstasjonen tek også i mot anna avfall fritt, som feks. metall, hageavfall, elektrisk avfall og farleg avfall.
Opningstider for miljøstasjonen finn du her.
Slam
Etter gjeldande slamforskrifter § 14 er det tvungen slamtømming for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank for slam. For fritidsbustader/hytter med slamavskiljar, er det krav til tømming ein gong kvart fjerde år. Kostnaden med tømminga vert då fordelt på dei 4 åra mellom tømmingane.
Tette oppsamlingstankar skal tømast i god tid før dei er fulle, og minst ein gong kvart år. Prisar på renovasjon- og slamavgifter finn du i gebyrlista.
VØR håper på eit framleis godt samarbeid med hyttefolk og fritidshuseigarar, slik at alle får ta del i dei flotte naturopplevingane som kommunane våre har å by på!