Eit standard renovasjonsgebyr inneheld:

  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for restavfall. Tøming kvar 4. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for matavfall. Tøming kvar 2. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for papir/papp/kartong + emballasjeplast (i eigen sekk). Tøming kvar 4. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for emballasje av glas/metall. Tøming kvar 13. veke.
  • 1 raud boks for farleg avfall/småelektrisk avfall (kan tømast på Miljøstasjonen)

Skulle det vere behov for større behaldar eller samarbeidsavtale for eit sameige, kan du lese meir om dette i gebyrlista.

Plussabonnement

Alle våre abonnentar kan bestille ein storleik større avfallsbehaldar for papir og papp enn restavfallsbehaldar. Dette kallast eit plussabonnement og gir ingen ekstra kostnadar. 

Tips før henting

  • Behaldarane må vere framsett seinast kl 06.00 på tømedag. Det kan vere lurt å sette fram behaldarane kvelden før, så er du sikker på at den står framme tidsnok.
  • Last ned appen Min Renovasjon så får du varsel for tøming dagen før.
  • Restavfallet skal vere emballert i pose og ikkje ligge laust i avfallsbehaldaren.
  • Brettar du pappen får du betre plass.
  • Plastsekken skal hengast på krok som er montert på papirdunken på hentedag.
  • Avfallsbehaldarane skal stå 1 - 3 meter frå vegkanten, ha fri tilgang og med ein avstand på 20 cm mellom behaldarane.
  • Ingen overfylte behaldarar - loket skal vere på ved tøming!
  • For ny rull med plastsekkar til emballasjeplast: Knyt på vanleg handlenett eller plastsekk på handtak til papirdunken eller restavfallsdunken på hentedag.

Kjeldesortering heime

Les meir om korleis du sorterer avfallet og kva som skjer med dei ulike avfallstypane.

Du kan lese meir om forskriftene for kommunal innsamling av avfall her.

Sjå meir informasjon i brosjyra Velkomen som ny abonnent