I Ørsta / Volda var alle fritidshus med straum og nærleik til offentleg veg omfatta av ordninga fram til 2019, då dette vart endra. Då vart gebyrplikta utvida til å gjelde alle fritidseigedomar. Fritidseigedomar under 20 kvm og bygningar til forfalls er og underlagt ordninga, men dei har ikkje gebyrplikt. Kartlegging av meir enn 2000 eigedomar er ein stor jobb, og har tatt tid. Derfor vart det ikkje 2020 men 2022 før dette kom på plass.

Tradisjonelt har dei fleste sett på renovasjon som innsamling av hushaldningsavfall frå kjøken og bad ilag med tilbod på levering av grovavfall og farleg avfall levert til miljøstasjon. 

I 2019 revisjonen av dei lokale forskriftene vart dette endra etter at regjeringa i 2015 reviderte avfallsforskrifta og vedtok  å innføre gratis leveringsrett av 1000 kg farleg avfall pluss spesifikt 500 kg pcb-haldige isolerglasvindu for alle eigedomar eigd av private. Om huseigar betalar gebyr eller ikkje, fritek ikkje kommunen (VØR) plikta til å ta imot slikt farleg avfall på miljøstasjonen i Hovdebygda eller Grodås, utan kostnader for eigar av eigedomen. Ein konsekvens vart gebyrplikt for alle fritidshus.  

Ein eigedom som står tom eller er lite i bruk, treng og vedlikehald. Det kan vere skifte av impregnerte terassebord, vindu klassifiserte som farleg avfall som må byttast ut,  malingsrestar, pesticidar frå hagebruk, eller asbesthaldig tak på garasje eller uthus som skal skiftast. Dette gjeld eigedomen og er ikkje knyt til opphald og eller kvile.  
Verdien av denne retten til å levere farleg avfall kan variere, men om ein skiftar ut impregnert terasse og asbesttak, kan kostnaden verte om lag 3000,- kroner for VØR. Kostnader for VØR må finansierast av gebyr. Dei andre ordningane finansiert av gebyret, kjem i tillegg. 

VØR har om lag 20 mottakspunkt i Volda og Ørsta for avfall frå fritidshus. Miljødirektoratet krev no at også eigarane av fritidshus skal ha høve til full kjeldesortering. Dette må på plass i tida fram til 2025. Der er VØR i gang med å bygge ut, ved at største punkta vert bygt ut først. Eit punkt på Folkestad med full kjeldesortering er etablert og det kjem eit punkt med kjeldesortering på Melsgjerdet som opnar i juni 2022. Det neste punktet på lista blir Harevadet i Hornindal, der fellescontainerar vert bytta ut med kjeldesortering i avfallsbrønnar. 

Renovasjonsgebyret dekker kostnaden med å ha opningstider på miljøstasjonar ilag med låge prisar slik at eigar av eigedom både får levert avfall frå eigedomane sine som ikkje skal i avfallsbehaldarane, og til ein overkomeleg pris. Gebyret skal og dekkje administrasjon slik som å svare på spørsmål, fakturering og informasjonsverksemd overfor abonnentane.