VØR sender normalt ut faktura 2 gongar i året, med forfall i mars og oktober. Dersom du no ønskjer å motta faktura kvar månad, eller kanskje kun 1 gong i året, kan du no endre fakturaintervall på dine avtaler.

Dette kan du gjere ved å melde inn ønskje på digitalt skjema, eller ta kontakt med oss på telefon 700 48 600 eller epost: firmapost@vor.no. Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro og/eller eFaktura for mottak av faktura frå VØR. Endringa vil ikkje ha verknad på allereie utsende faktura, men vil først vere gjeldande frå neste terminperiode.