Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Slamtømming

Norva24

I perioden 2018 til 2025 er Norva24 Vest - Miljøservice i Stryn slamentrepenør for tøming av kloakkslamtankar i Ørsta og Volda.

Behov for ekstra- eller naudtøming?

Utanfor vår kontortid kan du ta kontakt med Norva24 Vest direkte på vakttlf. 908 75 111. Elles kan du kontakte VØR på tlf 70 04 86 00 eller epost: firmapost@vor.no.

Har du andre spørsmål vedkomande slamtømming, ta kontakt med oss som vanleg eller kontakt Norva24 på tlf 57 87 46 66. Sjå også nettsida: Norva24 Stryn.

 

Volda og Ørsta kommunar innførte i 1990 tvungen tøming av slamavskiljarar og tette tankar for alle eigedomar som har slike private anlegg. Bakgrunnen for ordninga er lovkrav for å hindre at det oppstår sjukdom og smitte frå kloakkslam på avvegar. Behandlingsmetoden er mobil avvatning på staden for slamavskiljarar med godkjent avløp. Tette tankar vert tømde for alt innhald.

Melding

Slamentreprenør sender ut varsel om når tøming vil finne stad. Dette vert varsla ved SMS/e-post dersom ein er registrert som mottakar av digital offentleg informasjon. Elles vil det verte varsla ved utsending i posten.

Frekvens

For eigedomar med fast busetjing / heilårsbustad og med toalett tilknytt slamavskiljar, skal slamavskiljar tømast ein gong kvart 2. år. Andre slamavkiljarar skal tømast kvart 4. år. Tette oppsamlingstankar skal tømast i god tid før dei er fulle og minst ein gong kvart år. Ved særlige høve kan VØR fastsetje annan tømefrekvens enn nemnd ovanfor.

Abonnenten sine plikter

Abonnenten skal syte for at anlegga som skal tømast er lett tilgjengelege og dimensjonerte for tøming med bil. Overdekking av kumlokk og liknande med snø, is, jord, stein eller anna skal vere fjerna av abonnenten før tøminga.

Den som tømer anlegget har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tøminga. VØR vil ikkje påta seg krav for skade på vegar, hagar eller liknande. Dersom vegstandarden er for dårleg, må tankeigar syte for forsterkning. Krav til vegtilkomst til slamtank ved tøming heile året skjer etter §7 c i Forskrift for handsaming av avfall og slamtøming, og gjeld tøming med standardutstyr. Bruk av særskilt tømemateriell og høgre gebyr, tillet vegtilkomst på sommarhalvåret bygt etter Normal for landbruksvegar, vegklasse 5, sommarbilveg for tømmertransport utan hengar. Anlegg med vegtilkomst vegklasse 5 vil ikkje ha krav på naudtøming i vinterhalvåret.

Dersom abonnenten ikkje har klargjort tanken for tøming, eller ein må tøme tankar utanom oppsett innhentingsplan, kjem tilkøyring i tillegg til tømeprisen. For meir utfyllande opplysningar, vil vi syne til Forskrift for handsaming av avfall og slamtøming for Ørsta og Volda.

Opplysningar om gebyr for slamtøming, sjå gebyroversikt.

Tips: Sjekk dovett.no

Publisert: 01. oktober 2021