Avtale om heimekompostering

Dersom du har kjøpt deg ein varmkompostbinge og komposterer alt matavfallet heile året, kan du ved å gå inn ein avtale om heimekompostering få redusert renovasjonsgebyret. Denne avtalen kan du teikne ved å fylle ut skjemaet under (elektronisk skjema) eller sende avtalen pr brev. Du kan laste ned pdf-fil av avtalen her: Avtale om heimekompostering.

Godkjende kompostbingar:

  • Bokashi-bøtte, les meir om bøtta her: Bokashi
  • Varmkompostbingar

Det går også an å lage ein binge sjølv, då må den godkjennast av VØR.

Føresetnader for avtalen:

  1. Alt kjøkenavfall og organisk komposterbart avfall (våtorganisk avfall) skal komposterast.
  2. Restavfallet skal ikkje innehalde komposterbart materiale, og skal leverast kvar 4. veke.
  3. Komposteringa skal drivast heile året.
  4. Til komposteringa skal det brukast ein eigna varm-kompostbinge som er typegodkjend, eller godkjend av VØR. Det vil seie at den må vere isolert på alle 6 sider og sikra mot til dømes gnagarar, kattar, hundar og rev.
  5. Avfallet skal sorterast godt, slik at komposten kan nyttast direkte som jordforbetring.
  6. I tillegg til kompostbingen skal det vere tilgjengeleg eit lager av strø. Strøet kan vere tørt hageavfall, frest/opphakka avfall frå busker og tre, bark, torv, grovt kutterspon eller liknande. For at komposten skal verke godt, og for å unngå lukt, skal det blandast strø kvar gong det vert lagt fuktig matavfall i komposten. Avfall som kan gje luktulemper som ferskt kjøt, fisk eller rekeskal, skal gravast litt ned i komposten.
  7. VØR har rett til å føre tilsyn med at komposten fungerer akseptabelt, og kan gje pålegg om endringar eller opphøyr dersom avtalen vert broten.
  8. Matavfallsdunken må vere innlevert eller sett tilgjengeleg for henting.

Avtale om heimekompostering: