Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Siste nyhende

Representantskapet i Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) har samrøystes vedteke å tilrå ein auke på 2,5 prosent i renovasjons- og slamgebyra for 2027. Framlegget er no sendt til kommunestyra i Volda og Ørsta for endeleg handsaming. Samstundes har representantskapet handsama ein ny strategiplan som legg retninga for utviklinga av selskapet fram mot 2030.

Les mer..
Sidelastar tømmer dunkar.

I samband med at den bemanna delen av miljøstasjonen til VØR på Grodås er avvikla, ser VØR på kva vi alternativt kan tilby av tenester til dei som har lang køyreavstand til miljøstasjonen i Hovden. Målet er at flest mogleg skal kunne levere avfall på ein enkel og forsvarleg måte.

Les mer..
IMG_7053

Slamtømming i HornindalNorva24 startar slamtømming i Hornindal i veke 42. Tømminga vil gå føre seg fortløpande i området dei komande vekene.

Les mer..
Norva24

Haustens aksjon for innsamling av farleg avfall går føre seg i Ørsta og Volda i veke 40 og 41. I vår var det godt oppmøte i dei ulike bygdene, då blei det samla inn heile 7010 kg med farleg avfall til saman. Farleg avfall aksjonen er eit tilbod for innbyggjarane ute i periferien i Volda og Ørsta der dei kan levere farleg avfall på ein trygg og forsvarleg måte. I veke 40 blir det gjennomført innsamling på bygdene i Ørsta, medan innsamlinga i veke 41 går føre seg på bygdene i Volda.

Les mer..
Sæbø (4)