Gebyreiningar som står tome heile eller delar av året kan etter årleg søknad, få nedsett gebyr for:

  • Samanhengande heile året 100%
  • Samanhengande minst 6 mndr 50%

Jfr Renovasjonsforskriftene §10c). Det kan ikkje søkjast fritak for fritidsbustadar. 

Til orientering kan fritak først gjelde frå den 1. i månaden etter at søknaden er motteken av VØR. 
Desse vilkåra må vere oppfylte:

  1. Det må vere levert skriftleg søknad om fritak (elektronisk søknadsskjema eller pr brev). Du kan laste ned pdf for søknadsskjema her: Søknad fritak gebyr
  2. Avfallsbehaldarane må vere innleverte eller sett tilgjengelege for henting.
  3. Perioden det vert søkt fritak for er minst 6 mndr eller 12 mndr.

Dersom fritak vert innvilga på grunnlag av ukorrekte eller mangelfulle opplysningar frå abonnent, vil VØR etterfakturere frå fritaksdato. Etterfakturert beløp vert fakturert den som er heimelshavar (eigar) på faktureringstidspunktet. 

Det vert gjeve skriftleg vedtak. Evt uteståande faktura vert stoppa i samband med søknad om fritak. Det vil kunne bli utført stikkprøvekontroll ved eigedomane.

Sjå fullstendig forskrift her: Forskrifter VØR

Vi minner om at ein søknad må vere korrekt utfylt og med tilstrekkelig informasjon for å ha krav på handsaming. Mangelfull søknad vert ikkje handsama og sendt i retur.