For nye sekkar til plastemballasje og matavfall kan ein knyte på ein sekk på dunken på tømmedag. Ein kan også hente rullar på miljøstasjonen i Hovdebygda og Grodås.

Slik er «knyt på dunk» systemet

På hentedag for matavfall, papir og restavfall kan du knyte på vanleg handlenett eller plastsekk på handtaket til dunken for å signalisere til sjåføren at du treng påfyll av sekkar til anten matavfall eller plastemballasje. Sameige og dei som nyttar nedgravd anlegg må ta kontakt med VØR per epost eller telefon for påfyll av sekkar.

For ny rull med plastsekkar til plastemballasje: Knyt på vanleg handlenett eller plastsekk på handtak til papirdunken eller restavfallsdunken.

For ny rull med matavfallsposar: Knyt på vanleg handlenett eller grøn pose på handtaket til matavfallsdunken.

 

OBS! Vi minner om at grøne posar berre skal nyttast til matavfall og plastsekken til plastemballasje! Emballasje er pakninga rundt eit produkt. Blank sekk til anna avfall får ein kjøpt på dei fleste daglegvare- og byggvarekjeder. Misbruk av kjeldesorteringsutstyr gir unødige meirkostnadar som går ut over fellesskapet sitt spleiselag.