Ekstrasekkar til restavfall
Du kan kjøpe ekstrasekkar til restavfall som er merka med logoen til VØR. Desse kan settast fram ved sidan av behaldaren på hentedag. Sekkane må ikkje vege meir enn 20 kg. Avfall som ikkje må leggast i sekkane: hageavfall, flytande avfall, jarn, glas, elektronisk avfall, bygningsavfall, farleg avfall, eksplosivt avfall eller gift. Ekstrasekkane har ei avgift som dekkjer kostnader for transport og behandling. Sjå prisar her. Bestillingskjema er nedst på sida.
![]() |
Kva avfallsbehaldar du knyt ein pose på bestem kva du får utlevert av sjåføren. |
Sekkar til emballasjeplast og matavfall
For nye sekkar til emballasjeplast og matavfall kan ein knyte på ein sekk på behaldaren på tømmedag. Ein kan også hente rullar på miljøstasjonen i Hovdebygda og Grodås.
Slik er «knyt på behaldar» systemet
På hentedag for matavfall, papir og restavfall kan du knyte ein tom pose på handtaket til behaldaren for å signalisere til sjåfør at du treng påfyll av sekkar til anten matavfall eller emballasjeplast. Sameige og dei som nyttar nedgravd anlegg må ta kontakt med VØR per epost eller telefon.
For ny rull med plastsekkar til emballasjeplast: Knyt på vanleg handlenett eller plastsekk på handtak til papirbehaldar eller restavfallsbehaldar.
For ny rull med matavfallsposar: Knyt på grøn matavfallpose eller vanleg handlenett på handtaket til matavfallsbehaldar.
OBS! Vi minner om at grøne posar berre skal nyttast til matavfall og plastsekken til emballasjeplast! Emballasje er pakninga rundt eit produkt. Blank sekk til anna avfall får ein kjøpt på dei fleste daglegvare- og byggvarekjeder. Misbruk av kjeldesorteringsutstyr gir unødige meirkostnadar som går ut over fellesskapet sitt spleiselag.