Dunken min vart ikkje tømt

Ta kontakt med oss via kontaktskjema: Manglande henting av avfall eller melding via appen Min renovasjon. Merk at dunken skal stå framme frå kl 06.00 på hentedag. Dersom dunken ikkje er framsett ved henting, vert dette ikkje rekna som eit avvik.

Vi treng å vite:

  • Kva kommune du bur i
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • Kva slags type avfall som ikke er blitt tømt (restavfall, matavfall, papp/papir, plastemballasje eller glas- og metallemballasje)

Dunken min er øydelagt

Ta kontakt via kontaktskjema: Bytte av øydelagt dunk, så vil vi bytte (evt reparere) dunken i løpet av ei vekes tid. Denne servicen vert dekt av renovasjonsgebyret.

Restavfallsdunken min er ofte full

Dersom restavfallsdunken ofte er full grunna for mykje avfall, kan du enten bestille større dunk eller kjøpe merka sekk til ekstra restavfall. Du kan også levere ekstra avfall til Miljøstasjonen. Dette er ekstratenester som du betaler for.

Kva gjer eg med asbest?

Vi tek i mot asbest frå private hushaldningar kostnadsfritt på miljøstasjonen (inntil 1000 kg pr år). Av omsyn til det miljøfarlege støvet er det strenge reglar for levering/mottak. Asbesten skal pakkast i 2-lags plast som du sjølv må skaffe deg (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). Det som ikkje er forskriftsmessig pakka, vert avvist. Er du usikker, ta kontakt før levering.

Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut. Dersom det er større mengder med asbest, må det pakkast på ein pall med plast over og under. Lasset bør ikkje vere meir enn 1 meter høgt. Vi hjelper med å lesse av asbesten frå hengaren på Miljøstasjonen.

Innanding av asbestfiber kan vere kreftframkallande, difor er krava strenge.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Eg har selt eigedomen min, kva gjer eg med dunkane?

Dunkane følgjer eigedomen og skal stå att til ny eigar. Renovasjonsgebyret vert automatisk overført til ny eigar etter tinglysing.

Kor kastar eg medisinar?

Kasserte medisinar skal leverast til apoteket.

Kvar leverer eg batteri og lyspærer?

Brukte batteri og lyspærer kan du levere til alle type butikkar som sel batteri og lyspærer. Du kan også levere dette på miljøstasjonen.

Kvar skal grasklippar og sykkel kastast?

Vi tek i mot grasklippar og sykkel kostnadsfritt på miljøstasjonen. Det skal leverast i container merka med metall. Hugs å tømme grasklipparen for diesel/bensin og olje før levering.

Går alt i same haugen, sjølv om vi sorterer?

Nei, det som blir sortert på VØR blir haldt separat heilt til sluttbehandling, og blir deretter gjenvunne.

Kvar skal eg kaste fyrverkeri og ammunisjon?

Fyrverkeri du veit har gått av, kan du kaste i restavfallsdunken når det er avkjølt. Ubrukt fyrverkeri og ammunisjon skal leverast tilbake til forhandlar.

Kor mange faktura vert sendt ut i året?

Det vert fakturert 2 gongar per år for 1. halvår og 2. halvår med forfall mars og oktober. Du kan også velge faktura kvar månad eller ein gong i året om det er ønskelig, be om dette via dette skjemaet: Endring av fakturaintervall

Korleis bestiller eg abonnement?

Ta kontakt med oss for å bestille abonnement. Du kan også bruke bestillingsskjemaet: Bestill eller endre abonnement.

Korleis skal dunkane plasserast på hentedag?

Dunkane skal stå med ein avstand på 1-3 meter frå vegkanten, fritt frå vegg, tre, mur osb. Det skal vere ein avstand på 20 cm mellom dunkane og dei skal stå med opninga mot bilen.

Eg har ikkje matavfall- eller plastemballasje pose til å knyte på dunken

Du kan knyte på eit vanleg handlenett på dunken for å signalisere til sjåføren at du treng nye sekkar til enten plastemballasje (på restavfall- elller papirdunken) eller sekkar til matavfall (på matavfallsdunken). Det må ikkje vere matavfallsposane eller plastemballasje sekkane.