MILJØSTASJONEN I HOVDEBYGDA

Miljøstasjonen til VØR ligg praktisk plassert i Hovdebygda, midt mellom Ørsta og Volda sentrum. Det første vi gjer når du kjem til VØR er å registrere kva slags avfall du har med deg og kor mykje dette veg i vektbuda. Ut i frå denne informasjonen fastset vi/reknar vi ut prisen på avfallet ditt. Det er også nokre fraksjonar som er gratis å levere frå private hushaldningar. Følg køyreretninga som skilta viser.

Du skal føle deg trygg når du er hos oss. Derfor er miljøstasjonen oversiktleg og godt merka og det vil alltid vere tilsette enten på anlegget eller i vektbuda du kan spørje om råd og hjelp.

Vi minner om at det tidvis kan vere mykje tung anleggtrafikk på miljøstasjonen, og vi ber derfor om at born blir sittande i bilen under besøk til miljøstasjonen.

Gebyrliste for levering av avfall for privat hushaldning 2024

Brennbart restavfall kr3,00
Ikkje-brennbart restavfall (keramikk, porselen, glas) kr3,00
Ureint hageavfall/framande artarkr3,00
Trevirke kr2,50
Mat-/våtorganisk avfall

   kr

3,00

Isopor (per kubikk) kr50,00
Merka avfallssekkar (per stk)kr110,00
Minstepris - for restavfall og trevirke (0-20 kg) kr80,00
Leige av hengar for transport av avfallkr220,00
Papp og papirkr0,00
Impregnert tre (kreosot eller CCA/CA) *   kr0,00
Asbest *kr0,00
Glas- og metallemballasjekr0,00
Plastemballasjekr0,00
Tekstilkr0,00
Metallkr0,00
Farleg avfall og elektisk avfall (EE-avfall) *kr0,00
Hageavfall **kr0,00

Alle prisar er pr kg og inkl mva.

* Farleg avfall: Privat hushaldning kan levere inntil 1 000 kg farleg avfall pr år og inntil 500 kg PCB-haldige isolerglas pr år kostnadsfritt.
** Gjeld kvist, gras og lauv frå hagen. Greiner med maks diameter 25 cm. Ikkje røter eller sagflis som er trevirke.
 
Ved levering av fritidsbåtar må ferdig utfylt skjema frå Miljødirektoratet følgje med. For meir informasjon sjå her: Kasserte fritidsbåtar.
 
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall
 

Opningstider Hovdebygda

Sjå opningstider her: Opningstider miljøstasjonen Hovdebygda

MILJØSTASJONEN PÅ GRODÅS

Gebyrliste for levering av avfall for privat hushaldning 2024

Personbil inntil 1 m3 130,00
Tilhengar eller varebil 1-2 m3 200,00
Tilhengar eller varebil 2-4 m3 400,00
Tilhengar eller varebil 4-6 m3 650,00

Levering av volum over 6 m3 til gjenbruksstasjon på Grodås, berre etter avtale.
Alle prisar er inkl mva.

Opningstider Grodås

Sjå opningstider her: Opningstider miljøstasjonen Grodås

Dette kan du levere på miljøstasjonen på Grodås:

  • Brennbar restavfall
  • Metall
  • Papp, papir og plastemballasje
  • Glas- og metallemballasje
  • Farleg avfall i raudeboks og mindre mengder farleg avfall (lysrøyr, batteri, lim, lakk, måling, reingjeringsmiddel osv)
  • Gips
  • Ikkje- brennbart restavfall (keramikk,porselen, glas, leca, stein)
  • Småelektrisk avfall
  • Avkapp av impregnert trevirke
  • Dekk med og utan felg

Større fraksjonar slik som hageavfall, kvitevarer, større elektronikkvarer, impregnert trevirke, isolasjon og asbest (eternitt plater) og vindauge må leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda.  

Både små og store elektronikkvarer kan ein også levere til elektronikk forretningar.