Viktig informasjon ved levering av båtvrak

  1. Publikum skal sjølve ha med seg eit ferdig utfylt papirskjema.
  2. Dette skjemaet er å finne på www.miljodirektoratet.no/fritidsbater i høgremenyen.
  3. VØR signerer skjemaet når dei har teke imot båten.
  4. NB: Mottaket skal ikkje behalde skjemaet.

Når båten er levert

  1. Ein får utbetalt kr. 1 000 ved å sende inn skjemaet gjennom Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no.
  2. Ta bilete eller skann innleveringsskjemaet. Pass på at det er lesbart.
  3. Last opp skjemaet elektronisk som vedlegg til søknaden om «Tilskudd til innlevering av kasserte fritidsbåter» i Miljødirektoratets søknadssenter på nett: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no.
  4. Trykk «send».

Når kjem pengane?

Sender du skjemaet elektronisk, vil pengane kome innan ein til to månader. Skjema på papir vil ta lengre tid å behandle. Spørsmål kan stillast til Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller på e-post: esshjelp(at)miljodir.no Meir informasjon er å finne på: www.miljodirektoratet.no/fritidsbater.