Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Farleg avfall aksjon i haust

Bilete av tilsette under farleg avfall i aksjon på Folkestad

No startar vi med innsamlingsaksjon for farleg avfall på bygdene i Ørsta og Volda kommuner.

Til vanleg vil abonnentar som bur i bygdene med farleg avfall aksjon få ei SMS-varsling omtrent ei veke før vi kjem til aktuell bygd, med møtetidspunkt og plassering. På møtestaden kan ein få tømt raud boks og levere anna farleg avfall og småelektrisk avfall. Vi minner om at ein kan møte til andre bygder sine tidspunkt, dersom sitt eiga tidspunkt ikkje høver. Ein kan også levere raud boks og farleg avfall gratis på miljøstasjonen året rundt! Sjå oversikt over dei første bygdene og tidspunkt nedst i artikkelen. Fleire bygder og tidspunkt blir oppdatert. 

Ved farleg avfall aksjon og på miljøstasjonen kan du gratis levere:

  • Alle typar lysrøyr og lyspærer (dette kan du også levere på butikkar som sel slikt).
  • Sprayboksar (tomme og med innhald) og målingsspann med restar.
  • Bilbatteri og mindre batteri (gjerne samle mindre batteri i eit glas/mindre boks).
  • Restar frå kjemikalie- og reinhaldsprodukt, løysingsmiddel (må vere emballert).
  • Olje og drivstoff (må vere emballert!).
  • Småelektrisk avfall som til dømes: batterileiker, lampar, mobiltelefon, ladarar,data etc (hugs å ta ut batteri og levere dette for seg sjølv).

Trykkimpregnert trevirke, asbest og vindauge som inneheld PCB og klorparafiner er farleg avfall som må leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda. Usikker om vindauget inneheld PCB eller  klorparafiner? Då kan du sjekke her.

 

Tidspunkt i kvar kommune:

Ørsta kommune Dato Tidspunkt
Standal
(ved ferjekaia)
16.09.21  15.00-15.30 
Trandal
(ved ferjekaia)
16.09.21 16.00-16.30

Sæbø

(ved brannstasjonen)

16.09.21 17.00-17.45

Øye

(ved brannstasjonen)

21.09.21 11.00-11.30

Urke

(ved butikken)

21.09.21 12.00-12.30

Rekkedal

(ved skulen)

21.09.21 13.45-14-15

Follestaddalen

(ved samfunnshuset)

23.09.21 12.00-12.30

Åmdalen

(ved Tussa)

23.09.21 13.00-13.30

Barstadvika

(ved butikken)

23.09.21 16.00-16.30

Nordre Vartdal

(ved gamle fabrikken)

29.09.21 15.30-16.00

Søre Vartdal

(ved tidlegare MC-deler)

29.09.21 16.30-17.15

 

Volda kommune Dato Klokkeslett

Bjørkedalen

(ved Statens vegvesen)

17.09.21 11.00-11.30

Straumshamn

(ved kaia)

17.09.21 12.15-12.45

Høydal

( ved fabrikken)

17.09.21 13.45-14.15

Dalsbygda

(ved krysset Dalsfjordvegen og Dalsbygdvegen)

22.09.21 10.30-11.00

Steinsvika

(hyttecontainer ved Mowi)

22.09.21 11.30-12.00

Folkestad

(ved butikken)

22.09.21 15.45-16.30

Bjørke 

(ved Tussa)

27.09.21 11.00-11.30

Kalvatn

(ved bussholdeplassen)

27.09.21 12.00-12.30

Grodås

(ved Miljøstasjonen)

27.09.21 16.00-18.00

Dalsfjorden/Dravlaus

(busslomma Dalsfjord skule) 
30.09.21 10.30-11.00

Velsvika

(busslomme)

30.09.21 11.30-12.00

Lauvstad

(ved kaia)

30.09.21 16.00-16.45

Fyrde

(ved samhald)

04.10.21 15.00-15.30

Grodås

(ved Miljøstasjonen)

04.10.21 16.00-18.00

 

Publisert: 01. oktober 2021