Vindauget ditt kan vere farleg avfall

Vindauger som inneheld PCB, ftalatar og klorparafin må merkast før levering på miljøstasjonen. Miljøgiftene sitt i forseglingslimet mellom glasa, og slike vindauge må derfor leverast heile med karm. Du må sjølv lese av årstall på metallist og merke vindauget med vannfast tusj med årstall og gjerne produsent om dette står på. MERK MED PIL DIT ÅRSTALET KAN LESAST AV (sjå bilete). Måned og årstall for når ruta er produsert viser i avstandslista. Avstandslista er metallista som er mellom glasa. Du kan godt bruke ei led-lommelykt til hjelp for å sjå merkinga tydelegare. Biletet ved sidan av viser at vindauget er produsert i Drammen i januar 1969.

 

PCB vindauge produsert i oktober 1974
PCB vindauge produsert i oktober 1974

PCB- ruter

Vindauger som kan innehalde PCB:

  • Norskproduserte isolerglasruter frå og med 1965 til og med 1975
  • Utanlandskproduserte isolerglasruter til og med 1979
  • Umerka isolerglasruter som kan stamme frå periodane over

Unntak (dette er ikkje PCB-ruter):

  • Ruter merka «Thermopane»
  • Ruter merka med blekk i avstandslista.
  • Ruter med to perforerte/holstipla linjer i avstandslista

Alle våre abonnentar kan levere inntil 500 kg med PCB-haldige vindauger  i året kostnadsfritt.

 

Sjå oversikt over PCB vindauger her: http://www.ruteretur.no/wp-content/uploads/2017/03/Slik-sorteres-PCB-ruter17-3.pdf

Klorparafinhaldige vindauger

Vindauger produsert i Norge fra 1975 og fram til 1990, og importerte ruter mellom 1980 og 1989 kan innehalde miljøgifta klorparafinar. 

Slike vindauge skal også merkast med årstall og leverast heile med karm på miljøstasjonen. 

Vindauge produsert i 1989Dette vindauget er produsert i februar 1989, og inneheld truleg klorparafinar. 

Vindauge med ftalatar (ikkje farleg avfall om vindauge blir levert heile)

Vindauger med ftalatar vart produsert i åra etter 1990 og fram til 2005. Slike vindauge skal også merkast med årstall og leverast heile med karm på miljøstasjonen. Slike vindauge blir ikkje vurdert som farleg avfall, så lenge dei er heile.

Miljødirektoratet har likevel sagt at delar eller komponentar frå vindauge og isolerglas med restar av fugelim, skal leverast som farleg avfall. Grunnen til dette er at konsentrasjonen av ftalatar er høgare om ftalatmengda kun blir fordelt på delar av vindauget.

 

Er du usikker på om vindauget er farleg avfall, er det berre å spørje dei tilsette på miljøstasjonen eller ringe oss før levering.