Representantskapet handsama budsjettet for 2027 og økonomiplanen for åra framover den 27. oktober. Her er det lagt opp til ein gebyrauke på 2,5 prosent, med omsyn til økonomien i VØR, venta kostnadsauke og strengare krav til avfallshandtering. Den føreslegne auken er lågare enn den generelle prisveksten i Noreg, som var på 3,4 prosent frå  september 2025 til september 2026.

 

Kva betyr dette for abonnentane?

Dersom kommunestyra vedtek framlegget, vert dei vanlegaste gebyra for 2027 slik:

Standard renovasjonsgebyr: 5 460 kroner per år, inkludert meirverdiavgift. Dette er ein auke på 136 kroner frå 2026.

Slamgebyr: 1 864 kroner, inkludert meirverdiavgift, for den vanlegaste tankstorleiken med tømming annakvart år. Dette er ein auke på 44 kroner frå 2026.

Begge satsane inneber ein auke på 2,5 prosent. Dei andre tenestetypane vert regulerte forholdsmessig i tråd med standardgebyret, medan enkelte mindre tenester kan ha andre prisendringar.

 

Betra økonomi etter ein krevjande periode

VØR kom i ein krevjande økonomisk situasjon i 2024, etter store investeringar i det nye anlegget på Melsgjerdet. Investeringane førte til auka gjeld og høgare faste driftskostnader, og selskapet sette i verk fleire tiltak for å styrkje økonomien.

Tiltaka har hatt god effekt, og den positive utviklinga frå 2025 har halde fram gjennom 2026. Reduserte kostnader til mellom anna løn, avdrag og avfallslevering, saman med tidlegare gebyraukar, har bidrege til å betre den samla økonomien. Økonomirapportane for 2026 viser at selskapet ligg noko framfor budsjettmåla.

Den betra økonomien gir rom for å gjennomføre nødvendige vedlikehaldstiltak som tidlegare har vore utsette. VØR har likevel framleis høg gjeld og behov for eit kortsiktig likviditetslån, sjølv om lånebehovet er vesentleg redusert. Nye krav til avfallshandtering og miljø påverkar også kostnadene.

På bakgrunn av den samla økonomiske situasjonen tilrår styret og administrasjonen ein gebyrauke som ligg under den generelle prisveksten.

 

Slamgebyret – tidlegare kostnader vert dekte inn

Slamgebyret har auka vesentleg dei siste åra. Bakgrunnen er kostnader knytte til opprydding etter tidlegare forsøk med kompostering av avløpsslam. Oppryddinga vart gjennomført i 2021 og 2022.

Slamtenesta er ei sjølvkostteneste, der kostnadene skal dekkjast gjennom gebyra frå abonnentane. Inndekkinga av kostnadene etter oppryddinga har gått over fleire år, og den framlagde økonomiplanen tek høgde for at desse no skal dekkjast inn.

For 2027 er det føreslege ein auke i slamgebyret på 2,5 prosent, i tråd med førre økonomiplan.

 

Gebyrinntektene er avgjerande for drifta

Gebyrinntektene utgjer ein stor del av VØR sine samla inntekter. I budsjettet for 2027 er dei berekna til å utgjere 85 prosent av dei samla inntektene, mot 87 prosent i 2026.

Gebyrnivået er difor ein sentral føresetnad for budsjettet og økonomiplanen. Framlegget som er sendt til kommunestyra, føreset at begge kommunane vedtek dei same satsane. Dersom kommunestyra ikkje sluttar seg til framlegget, må saka tilbake til representantskapet for ny handsaming.

 

Ny strategiplan viser retninga fram mot 2030

I tillegg til budsjettet og økonomiplanen har representantskapet handsama ein ny strategiplan for perioden 2027–2030. Planen viser kva VØR skal arbeide mot dei neste åra, innanfor dei økonomiske rammene og krava selskapet må følgje. Strategien byggjer på fire sentrale fokusområde:

Berekraft: Ta vare på ressursane gjennom betre kjeldesortering, meir ombruk og materialgjenvinning, og sikre ei økonomisk og miljømessig berekraftig drift.

Kvalitet: Levere gode og brukarvenlege renovasjonstenester og sikre god kvalitet på avfallet som vert sendt vidare til gjenvinning.

Profesjonalitet: Utvikle ein trygg og kompetent organisasjon som tek i bruk nye løysingar og teknologi.

Samarbeid: Styrkje samarbeidet med eigarkommunane, næringslivet og andre aktørar for å utvikle betre tenester og utnytte ressursane meir effektivt.

 

Figur: VØR sine fire strategiske fokusområde. Økonomi og lovkrav set rammene for prioriteringane.

 

For kvart fokusområde er det definert eit hovudmål, som igjen er konkretisert gjennom fleire delmål. Desse viser kva VØR skal oppnå i strategiperioden, og dannar grunnlaget for ein administrativ handlingsplan med konkrete tiltak og aktivitetar.

 

Kommunestyra skal gjere endeleg vedtak

Framlegget til renovasjons- og slamgebyr for 2027 er no sendt til kommunestyra i Volda og Ørsta for endeleg handsaming. Føresetnaden er at begge kommunane vedtek like satsar.

Dersom framlegget vert vedteke, vil dei nye gebyrsatsane gjelde frå 2027