VØR utfører plukkanalyser frå avfallet til innbyggjarane våre for å få meir data om korleis samansetninga er og for å identifisere brannrisikoen i avfallet (t.d innhald av batteri, elektrisk avfall osv.)

Adressene er tilfeldig utvalde, og avfallet som blir samla inn blir sendt til ÅRIM merka med kun område namn i Volda og Ørsta og kan ikkje sporast tilbake til adresse eller enkelt behaldar.

Når sjølve analysa blir utført blir i tillegg kvart område bytta ut med tal, slik at det er 100% anonymitet og umogleg å spore avfallet tilbake til abonnent. 

I kvar prøve (sekk) blir det berre tatt ut ein liten andel for å analysere kor mykje er plast, papp, matavfall, farleg avfall osv.

Mange avfallselskap, deriblant våre naboselskap, nyttar seg av denne metoden i dag, til å identifisere korleis dei kan tilpasse avfallshandteringa og informasjonen ut til abonnentane betre.