Arbeidet vil bestå av dagleg innsamling og transport av hushaldningsavfall, samt noko arbeid på våre anlegg. Ein viktig del av arbeidet er dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr. 

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Sertifikat klasse C, 
  • Yrkessjåfør (YSK)
  • Relevant Sjåførerfaring
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Ein lagarbeidar som også har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Serviceinnstilt og kundevenleg 
  • Nøyaktig og påliteleg

Sertifikat og erfaring knytt til kranbil (G8) og hjullastar (M4) vil også bli tillagt vekt. 

Rett person er positiv, omgjengeleg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Det vert også venta at vedkomande er fleksibel i høve til at stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver og rutinar. 

Våre sjåførar opplever ein forutsigbar kvardag med arbeidsstad i kanskje dei vakraste omgjevnadane som Vestlandet har å by på.

Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein bransje i utvikling. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Det vert trekt 2% til pensjonsordning. 

Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med Bjarne Solbakken på telefon 93 60 22 09. Søknad med CV sendast til firmapost@vor.no snarast og seinast 29.05.26
Merk meldinga med «Søknad på stilling sjåfør».

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande og det er ønskjeleg med snarleg oppstart. All handsaming vert behandla konfidensielt.