Frå avfallinnsamlar til råvareleverandør

Å gå frå å vere avfallsinnsamlar til råvareleverandør krev fokus i alle ledd, dette har VØR tatt på alvor. I 2020 vart VØR ISO -sertifisert etter kvalitetsstandarden ISO 9001.

– Avfallsbransjen har mykje å gå på når det gjeld kvalitet. Vår bransje har ei sjølvstendig plikt til å levere ei råvare til dei som skal produsere nye produkt, som ikkje er restavfall men som faktisk er råvarer, hevder Petter Bjørdal, dagleg leiar i VØR i over 20 år.

Det har VØR vist i praksis ved å ha ei formidabel utvikling på kvaliteten på glas- og metallemballasjen som blir levert til Sirkel. Etter innføring av henteordning i 2018 har VØR auka innsamla mengder med 50 %, og det siste året har avvika falt kraftig. Gjennomsnittleg avvik i 2020 endte på 18,7 %, medan VØR i første kvartal 2021 hadde eit gjennomsnittleg avvik på 4,7 % og den positive utviklinga held fram.

Driftsjef på VØR, Anne Mette, er godt fornøgd med innsatsen til dei tilsette og innbyggjarane
Driftsjef på VØR, Anne Mette, er godt fornøgd med innsatsen til dei tilsette og innbyggjarane

Sirkel er imponert over kvaliteten!

– Det er imponarende når selskap arbeider strukturert og målretta, samt at det er høg grad av involvering frå alle deler av organisasjonen for å nå måla. Ekstra gledeleg er det å sjå ein så tydeleg gevinst av ein ISO-sertifiseringsprosess, seier Jacob Smith, direktør for innsamling og gjenvinning i Sirkel Glass.

– I høve ISO-sertifiseringa hausten 2020 hadde vi møter med dei tilsette for å finne tiltak som kunne bidra til å betre kvaliteten på innsamla emballasje av glas og metall, både frå abonnent til oss og frå oss til Sirkel. Vi laga blant anna ein plan som gjekk ut på at vi skulle kontrollere dunkane ute hos abonnentane. Vi planlegg å kontrollere alle våre 16 ruter i løpet av 2021, fortel driftssjef Anne Mette Farstad.

Stikkprøver og tilbakemelding

VØR samlar inn emballasjen med sidelastar, og set inn baklaster på rutene som skal kontrollerast og utfører stikkprøver på desse. Ordninga med stikkprøver er tidlegare kommunisert ut til innbyggjarane i nyhendebrev før jul saman med tømekalender. Ved avvik blir det sendt ein SMS ut til abonnenten med ei forklaring på kva som er feilsortert, ved høg grad av feilsortering blir ikkje dunken tømd. Eit anna viktig tiltak for å betre kvaliteten er mottakskontroll og registrering av feilsortering før emballasjen blir lasta opp og sendt til Sirkel. Innsatsen og kvalitetsfokuset til dei tilsette på anlegget blir tatt fram som ein av dei viktigaste verkemidla for den oppnådde kvaliteten.

 

Biletet syner ein glas- og metallemballasje behaldar og klistermerke på innsida av loket. Alle beholdarar for emballasje av glas og metall har ein sorteringsguide på innsida av loket på behaldaren
Alle beholdarar for emballasje av glas og metall har ein sorteringsguide på innsida av loket.

Viktig å fokusere på ordet emballasje

– Vi lagar statistikk på feilsorteringa, noko som gir oss nyttige innspel på kva vi skal fokusere på i kommunikasjonen med innbyggjarane. I tillegg har vi satt opp ein sorteringsguide på innsida av loket som fortel kva som skal i gule dunken, fortel Ina Osdal Saure, kommunikasjonsansvarleg i VØR. I tillegg bruker vi omgrepet «emballasje av glas og metall» ut mot innbyggjarane, då vi trur det er lettare å få med seg at det dreier seg om emballasje visst ordet kjem først, fortsetter Saure.

VØR er stolte over innsatsen til våre tilsette og innbyggjarane som er flinke til å sortere emballasjen sin. Saman leverer vi gode råvarar til materialgjenvinning!