Noverande dagleg leiar, Petter Bjørdal, går av med pensjon dette året etter mange år i selskapet. Eidseflot tar no over stafettpinnen, og blir ny dagleg leiar i VØR frå 1.september. Han kjem frå stillinga som rådgjevar i kommunalteknikk i Stad kommune. Der har han hatt ansvar for alle typar infrastruktur, med mellom anna utvikling av sjølvkostområda. Han har elles ei brei og relevant erfaring frå ulike kommunale og private verksemder.

Eidseflot ser fram til å starte i jobben, og synast det er ein spanande organisasjon og bransje han no skal inn i. «Avfallsbransjen er ein veldig spanande bransje, og har ei viktig rolle i samfunnet. VØR er ein ryddig organisasjon, og den har ein stor verdi for samfunnet og nærmiljøet i kommunane», seier Eidseflot.

Det har vore ein grundig tilsettingsprosess, og styret kjenner seg trygg på at dei har landa på rett person for jobben.«Vi er glade for at Hans Peter har takka ja til denne viktige jobben, og kjenner oss trygge på at gjennom han vil VØR få ein kompetent og fagleg god leiar», seier styreleiar i VØR Hallvard Bjørneset.