Som ein del av dette arbeidet har styret i VØR vedteke å avvikle den bemanna miljøstasjonen på Grodås frå hausten 2026. Miljøstasjonen er lokalisert i Ytrehornsvegen 49 på Grodås, i eit kommunalt bygg som vart etablert som miljøstasjon i 2009 gjennom eit samarbeid mellom dåverande Hornindal kommune og Nordfjord Miljøverk IKS. Etter kommunesamanslåinga i 2020 overtok Volda kommune bygget, medan VØR tok over drifta av miljøstasjonen.
Oppseiing av leigeavtale
14. januar 2026 mottok VØR oppseiing av leigeavtalen frå Volda kommune knytt til Ytrehornsvegen. Avtalen har seks månaders oppseiingstid, men partane er einige om at VØR kan halde fram drifta ut oktober/november 2026. Bakgrunnen for vedtaket er samansett. Oppseiinga av leigeavtalen gjer at VØR ikkje lenger har lokale tilgjengelege for vidare drift av miljøstasjonen på Grodås. Samstundes ønskjer VØR å utvikle meir likeverdige tenester for alle abonnentar med lang avstand til miljøstasjonen i Hovdebygda. Styret meiner det er viktig å utvikle løysingar som kjem fleire innbyggjarar i distrikta til gode. VØR vil framleis, etter avtale med Volda kommune, kunne nytte uteområdet ved Ytrehornsvegen 49. Det vert no vurdert kva ubemanna løysingar som kan vidareførast på området. Mellom anna vil metallcontainer framleis vere tilgjengeleg for innbyggjarane på Grodås. VØR har vurdert moglegheita for å flytte miljøstasjonen til andre bygg eller lokasjonar i området, men ser ikkje at det finst eigna alternativ per i dag. Ei eventuell flytting ville også medført investeringar og driftskostnader som ikkje står i forhold til bruken av tilbodet.
Få brukarar og høge kostnader
Bruken av miljøstasjonen og dei økonomiske forholda har vore ein del av den samla vurderinga. Miljøstasjonen på Grodås er i dag bemanna to timar per veke, frå klokka 16 til 18. I perioden november til februar er stasjonen open annakvar veke, medan han er stengd i juli. Totalt er miljøstasjonen i drift i om lag 40 veker per år, tilsvarande om lag 80 driftstimar årleg. I løpet av 2025 hadde miljøstasjonen på Grodås 408 betalande kundar. Driftskostnadane knytt til kvar enkelt betalande kunde er vesentleg høgare enn ved miljøstasjonen i Hovdebygda. Ei tilsvarande utrekning frå 2024 viste om lag same kostnadsnivå.
Utvikle tilbodet
Styret har difor bede administrasjonen om å gjennomgå dei desentraliserte tenestene til VØR og sjå på korleis andre renovasjonsselskap løyser tilsvarande utfordringar. Målet er å utvikle eit tilbod som famnar fleire område og fleire abonnentar, mellom anna gjennom ubemanna ordningar og andre alternative innsamlingsløysingar. I det vidare arbeidet ønskjer VØR å ha god dialog med grendalaga i eigarkommunane. Målet er å finne løysingar som er praktiske, nyttige og opplevast som verdifulle for dei som bur i distrikta. VØR meiner eit tett samarbeid med lokalsamfunna vil vere viktig for å utvikle framtidsretta og berekraftige tenester som fungerer godt for innbyggjarane.
