Renovasjonsbenchmarking (RBM) handlar om å måle prestasjonar gjennom samanlikning med andre aktørar i same bransje. Gjennom våren og sommaren rapporterte VØR inn omfattande data frå heile drifta – alt frå tal på dunkar og avfallsfraksjonar, til talet på tilsette og økonomiske forhold. Desse blei så analysert i ein avansert matematisk modell som gir ei rettferdig og nøyaktig samanlikning.
Best på miljøstandard
RBM for 2024 stadfestar at VØR har ein særs god miljøstandard samanlikna med dei andre selskapa. Miljøstandarden er basert på fleire indikatorar som måler påverknaden vår på det ytre miljøet. Dette inkluderer gjenvinningsgrad, CO2-utslepp, innsamla mengde farleg avfall, og standarden på våre anlegg.
VØR har over tid hatt eit tydeleg fokus på miljø og berekraft. Vi var tidleg ute med å sette oss ambisiøse mål for materialgjenvinning og har jobba for å utnytte ressursane i avfallet best mogleg. Gjennom lojalitet og god sortering frå innbyggjarane i våre eigarkommunar har vi oppnådd gode resultat, og i 2023 hadde vi ein materialgjenvinningsgrad på 62,9 %.
God anleggsstandard
Eit viktig bidrag til at vi scorar høgt på miljøstandard er det nye omlastingsanlegget på Melsgjerdet. Anlegget oppfyller høge krav til anleggsstandard og gir oss best plassering samanlikna med andre selskap på dette området. På Melsgjerdet blir alt avfall oppbevart under tak, med effektive luktsperrer og reinsing av overflatevatn. Dette har sikra ein betydeleg miljøgevinst, samstundes som arbeidsforholda for våre tilsette er blitt vesentleg betre.
Desse resultata viser at VØR ligg i front i utviklinga av berekraftige løysingar innan renovasjon. Vi er stolte av det arbeidet som er lagt ned, og takkar både tilsette og innbyggjarar for innsatsen som har bidrege til desse resultata. Vi held fram med å jobbe for eit miljøvenleg og berekraftig avfallssystem samstundes som vi skal utvikle og styrke oss også på andre område.