🕢 Set ut dunken i tide
Dunken må vere ute seinast kl. 07.30 på tømmedagen, og helst ikkje før same morgon dersom det snør slik brøytemannskapet får gjort jobben sin på natta.
📍 Plasser dunken riktig
Pass på at dunken ikkje står i vegen for brøytebilen. Dersom brøytebilen ikkje kjem fram, blir det også vanskeleg for renovasjonsbilen å utføre tømming.
Ved store snøfall kan dunkar plassert heilt ved fortauskanten vere til hinder for brøytemannskapet, sjølv om forskrifta til vanleg tilseier at dunken skal stå der. Bruk sunn fornuft – må du flytte dunken litt for å lette brøytinga, gjer gjerne det.
Hugs også:
- La det vere avstand mellom dunkane, slik at klypa på renovasjonsbilen kjem godt til.
- Dunken bør stå fritt og lett tilgjengeleg, utan hindringar.
🚫 Unngå at dunken blir gravlagd
Dunken bør plasserast slik at han ikkje blir dekt av snøkant etter brøyting. Dersom dunken er utilgjengeleg, er det vanskeleg for oss å få tømt han.
🧹 Måk fram dunken
Er dunken innesnødd? Då må han måkast fram før tømming. Det gjer arbeidet lettare – og sikrar at avfallet blir henta til rett tid.
Tenk på tryggleiken
👷Ein renovatør kan tømme over 600 dunkar på ein dag. Dersom det er glatt rundt dunken, set vi stor pris på at du strør litt sand eller grus. Det gjer arbeidet tryggare for oss – og bidreg til at alle får tømt avfallet sitt.
💙 Tusen takk!
Vi set stor pris på hjelpa. Med litt ekstra omtanke i vinterhalvåret kan vi saman sikre ein effektiv og trygg renovasjon. Bruk sunn fornuft ved plassering av dunkane, så går dette som oftast heilt av seg sjølv! ❄️
