Til beste for både miljøet og lommeboka.

- No er det gjennomsiktige plastsekkar som er tingen, til det beste for både miljøet og lommeboka, er meldinga frå dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre, ÅRIM, SSR og VØR.

Fleire avfallsanlegg rundt omkring i landet har allereie innført forbod mot ikkje-gjennomsiktige avfallssekkar. Det skal sikre ei meir forsvarleg handtering av avfallet som blir levert på miljøstasjonane.

Ifølge Norsk Miljøkompetanse (NOMIKO) oppstår dei fleste registrerte branntilløp på gjenvinningsanlegg i usortert avfall. Sjølvtenning er den viktigaste årsaka, etterfølgt av batteri. Ved å stoppe bruken av dei svarte sekkane, håpar bransjen å minimere risikoen for at brannfarleg avfall endar opp i rest- eller grovavfallet

Ein linerakett gjekk av under sortering av restavfall på miljøstasjonen
Ein linerakett tok fyr under sortering av restavfall på miljøstasjonen (Foto: Marius Simensen)

Konteinar tok fyr

Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) fekk i september i fjor erfare at dårleg sortering ikkje er noko å spøkje med:

- Ein eksplosiv linerakett, slik ein bruker på båtar, hadde hamna i ein av konteinarane og tok fyr under sortering. Heldigvis reagerte tilsette kjapt, og fekk avverja det som kunne blitt ein farleg situasjon, fortel kommunikasjonsansvarleg Ina Osdal Saure i VØR.

ÅRIM har også funne skytevåpen i ein innlevert koffert. Slikt skal sjølvsagt ikkje til miljøstasjonen, og funnet var ubehageleg for dei som plutseleg sto med dette i hendene da dei sorterte avfallet, seier Ingeborg Ukkelberg som er kommunikasjonssjef i Årim.

Gjennomsiktig gir gevinst

Renovasjonsselskapa har trua på at kundane kjem til å bli endå betre til å kjeldesortere når dei må levere avfallet i gjennomsiktige sekkar. I tillegg til å unngå brannfare, vil også lommeboka til innbyggjarane kunne nyte godt av tiltaket.

Feilsortering på miljøstasjonen fører til ekstra etterarbeid og ekstra utgifter. Det går utover spleiselaget til fellesskapet. Kastar du ting på rett plass, er du med på å sikre eit rettferdig renovasjonsgebyr.

- Å sortere avfallet før besøket på miljøstasjonen gir også fordelar for dei som leverer. Besøket går raskare, og ein kan spare pengar, spesielt på dei miljøstasjonane der ein betalar for levering av visse typar avfall. Hiv du alt usortert i ein sekk, betaler du kanskje meir enn du må, forklarer Andrea Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

No er det blank sekk som tel
No er det blank sekk som er tingen! (Foto: Marius Simensen)

Klok bruk av kloden

Svarte sekkar fører også til at unødvendig mykje går til forbrenning i staden for at materiala blir brukte om igjen. Ved å bruke transparente sekkar og vise oss alt, får vi i fellesskap sortert ut meir av det som kan gjenvinnast. Då brukar vi naturressursane smartare.

Undersøkingar selskapa har gjort viser at rundt tre firedelar av innhaldet i svarte sekkar er avfall som burde vore resirkulert i staden for å gå til forbrenning.

Neste gong du skal handle inn avfallssekkar, vel derfor den gjennomsiktige sorten.

Gjennomsiktige sekkar er eit enkelt tiltak som tek avfallshandteringa eit viktig steg i rett retning. Slike sekkar finn ein i dei fleste butikkjeder i dag. Vi ber samtidig om at folk ikkje brukar plastsekken som er meint til innsamling av plastemballasje.

I ein overgangsperiode vil det framleis vere greitt å kome med svarte sekkar til miljøstasjonane, men då ønskjer vi at du opnar sekken og sorterer innhaldet før du kastar det. Uopna svarte plastsekkar utgjer ein risiko både for farlege situasjonar og potensielle bøter når vi sender avfallet vidare.

Takk for samarbeidet og at du viser oss alt!