Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Volda og Ørsta og har hovudkontor i Hovdebygda. VØR har ansvaret for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå ca. 20000 innbyggjarar. Selskapet omsette i 2017 for 27 mill kr og har 17 tilsette. 

Vår fast tilsette kommunikasjonsansvarlege har pensjonert seg og jobben må erstattast. Vi søkjer difor etter medarbeidar i 100% stilling som kommunikasjonsansvarleg. 

Oppgåver / ansvarsområde
Ansvar for intern og ekstern kommunikasjon
Rådgiving, rapportering og sakshandsaming innan miljø og kommunikasjon
Samarbeid med andre renovasjonsselskap om felles informasjon og kampanjar 
Kvalifikasjonar
Fullført relevant utdanning på masternivå
Dokumenterte kunnskapar om avfallsfaget
God interesse for miljøarbeid og forståing for samfunnsoppdraget til selskapet 
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Gode pedagogiske evner
Gode IKT kunnskapar 
Det vert også lagt vekt på
Evne til å arbeide sjølvstendig
Gode samarbeidsevner
Kommunikative evner, utadvendt og serviceinnstilt
Godt humør og inkluderande haldning
Vi er eit lite selskap i ei bransje som heile tida endrar seg. Kommunikasjonsansvarleg må ha evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert i eit til tider hektisk miljø. For å få god aldersspreiing i administrasjonen, vil vi oppmode nyutdanna om å søkje. Det vert også venta at vedkomande er fleksibel i høve til at stillinga kan bli tillagt andre / nye arbeidsoppgåver og rutiner. 

Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i eit selskap i utvikling. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Det vert trekt 2% til pensjonsordning. 

Søknad med CV skal merkast med: "Søknad Kommunikasjonsansvarleg"og sendast til: Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS ved Petter Bjørdal. Torvmyrane 29. 6160 Hovdebygda. Alternativt: petter@vor.no 

Søknadsfrist 30.11.2018