Du får desse oppgåvene:
- Planlegging og koordinering av drifta av renovasjonsbilane
- Ansvar for drift av omlastingsanlegget på Melsgjerdet: logistikk, sortering og teknisk anleggsdrift
- Rettleie og motivere eit team av tilsette, og sikre at dei har god opplæring
- Ha god kundekontakt for å sikre pålitelege og trygge tenester
- Følge opp vedlikehald av materiell og bilar
- Bidra i operativ drift når der er behov og kapasitet
- Bidra til vidareutvikling av tenestene våre, til dømes ruteoptimalisering
Som medarbeidar i VØR kjem du inn i ein bransje i stor utvikling. Arbeidsoppgåver kan difor bli lagt til eller endra over tid
Du har desse kvalifikasjonane:
- Relevant fag- og erfaringsbakgrunn
- Gode digitale ferdigheiter og logistikkforståing
- Formulerer deg godt skriftleg og munnleg på norsk
- Sertifikat klasse B (anna førarkort kan vere ein fordel)
- Sertifikat til hjullastar (kompetansebevis kl M4). Har du ikkje det, hjelper vi deg med det.
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig med gode samarbeidsevner
- Kundevenleg, systematisk og serviceinnstilt
- God med folk og god til å finne løysingar
- Gode leiareigenskapar og oppteken av HMS
- Interessert i å utvikle deg og medarbeidarane dine fagleg
- Appetitt på vidare digitalisering og effektivisering
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Vi tilbyr:
- Ei stilling i ein spennande bransje i stor utvikling
- Nytt og moderne anlegg
- Løn etter avtale, og god pensjonsordning gjennom KLP
- Relevante nettverk og kurs
Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Bjarne Solbakken, tlf. 93602209 eller dagleg leiar Hans Peter Eidseflot, tlf 90853634
Send søknad og CV på e-post til bjarne@vor.no
Søknadsfrist: 15. oktober 2025.