Kvar enkelt nordmann produserer mykje hushald avfall
I dag treng vi 3,4 jordklodar for å dekkje behovet vårt. (Foto: Loop)

Vi må redusere forbruket vårt

I Noreg har vi ein eigen paragraf i grunnlova, som seier at alle har rett til ein sunn og mangfaldig natur, og at vi må bruke naturen sine ressursar fornuftig (§112). Vi ynskjer jo at dei små som veks opp i i dag og dei som kjem etter oss, skal få eit like bra klima og fin natur som det vi har i dag.

I dag har mange i den vestlege verda eit enormt forbruk. 62 % av globale klimautslepp oppstår når naturressursar blir henta ut og vidareforedla til produkt som vi kjøper.

FN-sambandet har estimert at om kvar person på jorda, skulle hatt same forbruk som ein gjennomsnittleg nordmann, så hadde vi trengt 3,4 jordklodar for å dekkje behovet til alle. 

Vi er derfor avhengig av å ha eit mykje større fokus på å kjøpe mindre, ta vare på og reparere det vi har og sørge for at ressursane våre blir brukt opp att fleire gongar.

Plastsortering
Takk for at du tek vare på ressursane våra! (Foto: Loop)

Dei små handlingane betyr mykje!

Det kan av og til vere skremmande å høyre om dei ulike utfordringane knytt til miljøet og klima i dag.

Vi høyrer om fuglar som byggjer reir av plast, kvalar med plast i magen, ekstremvær, tørke, og forureining på land og sjø.

Men vi må ikkje gløyme at det også skjer mykje positivt, og alle dei små og store miljøvennlege handlingane folk gjer i kvardagen! Vi blir stadig meir miljøbevisste og dette er eit viktig steg i riktig retning.

 

pexels-photo-1094072
Saman skapar vi ei berekraftig framtid for alle! (Foto: Pexels)

Takk for ditt bidrag!

Vi vil derfor gi ein hyllest til dei mange små handlingane som folk gjer i kvardagen, som er med på å bidra til ei meir berekraftig framtid:

  • Takk for at du kjeldesorterer avfallet ditt, slik at vi får brukt opp att ressursane fleire gongar, til glede og nytte for oss sjølve og framtidige generasjonar.
  • Takk for at du syr og reparerer buksa eller kjolen atti staden for å kjøpe ny.
  • Takk for at du et opp maten på tallerkenen og lagar middag av restane i kjøleskapet.
  • Takk for at du planlegg innkjøp og slik unngår unødvendige impulskjøp.
  • Takk for at du kjøper mindre ting og er meir bevisst på å kjøpe kvalitet som varer lengre.
  • Takk for at du tek sykkel, buss eller går til jobb atti staden for køyre bil.
  • Takk for at du seier frå til vennen din at det er ikkje kult å kaste avfall ut frå bilvindauget og ut i naturen.
  • Takk for at du plukkar med deg avfall på tur.
  • Takk for at du gjer ditt for ein meir miljøvennleg kvardag.

Saman tek vi vare på ressursane våra!