For å gjere miljøstasjon og vektbud tryggare for besøkande har vi implementert tiltak om å desinfisere flater og handtak med hyppig mellomrom. Handsprit vil vere tilgjengelig for bruk på stasjonen både før og etter besøk. Ved stor trafikk på miljøstasjonen, kan det bli regulering av trafikk, slik at besøkande kjem inn puljevis.

Vi har følgjande oppmodingar til våre innbyggjarar:
ℹ️ Vi ber dei som har behov for å besøke miljøstasjonen halde ein meter avstand frå kvarandre og unngå handhelsing. Generelt gjeld god handhygiene.

ℹ️ Innbyggjarar som ønskjer kontakt med oss, oppmodar vi om å ta kontakt via Facebook, epost eller telefon, i staden for personleg oppmøte i administrasjonen.

ℹ️ Vi vil sterkt råde alle til å vaske avfallsbehaldarane etter tømming for å redusere smitterisiko. Samtidig er det viktig å desinfisere handtak på avfallsbehaldarne og ha alt avfall i behaldarane med loket på.

Takk for samarbeidet!