I følgje Matvett går kvar åttande handlepose rett i søpla, når det eigentleg ikkje burde vere naudsynt å kaste mat i det heile teke. I alle fall ikkje om me planlegg innkjøpa våre, oppbevara maten rett og brukar sansane våre. Sjå, lukt og smak!

For 40 år sidan var det få som snakka om kasting av mat og sløsing med råvarer. Då åt vi opp maten vår og lagde nye rettar av restane frå i går, utan å lure på om det ville smake godt eller vere trygt. Gradvis har me byrja å stille høgare krav til mattryggleik og tilbodet av råvarer, samstundes som me har blitt meir avhengige av ferdigmat for å få kvardagen til å gå i hop. Me utnyttar sjeldan heile råvara, og mange veit ikkje korleis dei skal få brukt opp restane. Matsvinn står aleine for åtte prosent av klimagassutsleppa i verda.

Best før versus siste forbruksdag

Ein grunn til at vi kastar mykje mat er fordi den har gått ut på dato. Vi veit ikkje kva som er skilnaden på best før og siste forbruksdag, og er ikkje trygge på korleis mat skal lukte og sjå ut når den ikkje er heilt fersk, men framleis er spiseleg. Vi kastar med andre ord mykje mat fordi me ikkje veit betre. Vi trur maten er blitt dårleg og er redde for å bli sjuke, til dømes av hard ost med mugg på. Difor kastar me den. Når det eigentleg berre er å skjere bort muggen med kniv.

Langreiste “left overs”

Ein annan grunn til at vi kastar mykje mat, er at vi ikkje er medvitne om at mat er ein verdifull ressurs som har reist langt for å kome til tallerkane våre. Banan er ei matvare som ofte har reist svært langt, for eksempel frå Colombia i Sør-Amerika, fordi den trivst best under varme og solfylte forhold. Det er omlag 10.000 kilometer unna – alt for langt for å ende opp som matavfall fordi vi kjøper for mykje mat, lagar for mykje mat, eller ikkje tek godt nok vare på restane. All mat har ein verdi, og det er viktig å ete opp alt du har kjøpt. Brune bananar kan brukast i bakst, tørt brød kan bli til krutongar, og slappe tomatar høver seg godt i pastasaus.

Kva kan du gjere for å kaste mindre mat?

  • Planlegg rett. Finn rutinar som passar for familien din. Heng opp ei handleliste på kjøleskapet, som de skriv opp matvarer etterkvart som det går tomt. Då blir det enkelt å handle det de treng, i staden for ein tacosaus til når de allereie hadde fire frå før. Prøv óg å planlegge ein vekemeny, med nokre råvare som går igjen. Då blir det enklare å få brukt opp alt.
  • Hald orden i kjøleskapet. God orden og hygiene i kjøleskapet kan spare både matsvinn og pengar. Sett den eldste rømmeboksen fremst, «age before beauty», og ha pålegg i ei eiga hylle eller skuff.
  • Utsida tel. Pakk restemat og opna pakningar godt inn før de sett dei vekk. Det hindrar matsmitte og uttørking i kjøleskapet.
  • Bruk frysaren. Hugsar du å spise maten i fryseren før den blir for gammal? Merk maten med dato før du legg den i fryseren, så har du oversikt. Det er fornuftig å fryse ned maten i passande porsjonar, men hugs å ta omsyn til kor mange de er i hushaldninga.
  • Innfør ein restedag i veka. Ha ein fast restedag kvar veke, til dømes på torsdagar. Så kan du ete deg ut av kjøleskapet før helga, og handle inn mat til helga med god samvittighet.
  • Det du har > det du vil ha. Spør deg sjølv om kva du har i skapet, i staden for kva du har lyst på. Då er sjansen større for at du ikkje må kaste mat du allereie har.
  • Oppbevar maten rett. Mat som skal ha det kaldt, som fisk og meierivarer, held lenger hvis dei oppbevarest ved rett temperatur. Pakk maten godt inn, og legg den i kjøleskapet med ein gong du kjem heim frå butikken, så held den seg fersk lengre.
  • Best før. Best før-datoen fortel om når produsenten meiner maten er på sitt beste. Det betyr ikkje at den er dårlig eller uspiseleg etter best før-datoen er passert. Bruk sansane dine før du bestemmer om du skal spise eller kaste maten, og hugs og at det er fleire stader du kan kaste mat enn i søpla. Slappe råvarer kan slengjast i ei chili sin carne eller lasagne.
  • Siste forbruksdag. Mat som er merka med siste forbruksdag er ferskvarer som er merka med det for å sikre mattryggleiken. Fersk fisk, kylling, bearbeida kjøttprodukt, rå pølser og ein del kjøttpålegg. Ser du at utløpsdatoen nærmar seg, kan du bruke fisken eller kjøttet i ein middag, eller legge det i frysaren, så held det seg godt og du slepp å kaste det.
  • Ver kreativ! Sjølv om råvarane endrar karakter, betyr det ikkje at dei er uspiselege. Hos Matvett finn du blant anna eit bruk opp-leksikon, eit oppslagsverk henta fra boka Kunsten å ikke kaste mat, som viser kva du kan gjere med råvarer som ikkje freistar lenger. Frå brungul brokkoli til tørre bakevarer.