Då har nok dunken eller sekken din innhald av avfall som ikkje er rett sortert. For å få best mogleg kvalitet på avfall som vi skal sende vidare som råvarer må vi få vekk feilsorteringa, og dermed også gi ei tilbakemelding til dei abonnentane som har gjort noko feil.

 

Feil innhald i plastsekken

Om du har fått ein blå lapp med melding frå oss på plastsekken din har renovatøren sett noko i sekken som ikkje er plastemballasje. Plastsekken inneheld avfall som ikkje skal vere der. 

Her er ei liste over kva vi vil ha i sekken, og kva vi ser på som avvik og ikkje skal i sekken:

Plastemallsje-1.png

 

For å halde fuglar og dyr vekke frå plastsekkane er det viktig at ein knyt sekkane godt og at plastemballasjen er rein. Om det er gamle matrestar i plastemballasjen kan dette tiltrekke seg skadedyr og fuglar. Plastemballasjen er rein nok når alle produktrestar er fjerna. Det betyr at det ikkje skal ligge igjen noko matrestar i emballasjen.  Plastemballasje som krev mykje arbeid og vatn for å reingjere kastar du heller i restavfallet.

Feil innhald i dunken til papir, papp og kartong

Om du har fått ein gul lapp med melding frå oss på dunken til papir, papp og kartong har renovatøren sett noko i dunken som ikkje er papir, papp eller kartong. Dunken inneheld avfall som ikkje skal vere der. 

Her er ei liste over kva vi vil ha i dunken til papir, papp og kartong, og kva vi ser på som avvik og ikkje skal i dunken:

Papir og papp-1.png

 

Feil innhald i dunken til glas- og metallemballasje

Om du har fått ein raud avvikslapp med melding frå oss på dunken til glas- og metallemballasje har renovatøren sett noko i dunken som ikkje er emballasje av glas eller metall. Dunken inneheld avfall som ikkje skal vere der.  Er dunken din tømt og du likevel har fått raud avvikslapp på dunken er det fordi avviket ikkje harvore oppdaga før etter at dunken var tømt. 

Her er ei liste over kva vi vil ha i dunken til papir, papp og kartong, og kva vi ser på som avvik og ikkje skal i dunken:

 

 

Er du fortsatt usikker på kvar ting skal sorterast? Sjekk ut sortere.no