At ein no kan sortere hushaldningsplasten i Noreg er eit viktig steg for å redusere transport og klimagassutslepp, samtidig som det styrkjer den norske sirkulærøkonomien for plast. Dei siste åra har VØR sendt hushaldningsplasten til finsortering og materialgjenvinning i Kedenburg i Tyskland.
– At vi no kan sende plastemballasjen vår til eit moderne anlegg i Noreg er svært positivt. Det gir kortare transport, lågare utslepp og vi får henta enda meir ressursar ut frå hushaldningsplasten, seier kvalitet- og kommunikasjonsleiar i VØR, Anne Mette Farstad.
VØR samlar inn plastemballasjen frå alle husstandar i kommunane Volda og Ørsta. Plasten vert deretter pressa i ballar på omlastingsanlegget på Melsgjerdet, før den blir sendt vidare med lastebil til sorteringsanlegg for vidare behandling og seinare materialgjenvinning.
I 2024 samla VØR inn 171 tonn hushaldningsplast frå innbyggjarane i dei to kommunane. Desse mengdene vil no gå til det nye anlegget på Områ, som er bygd av Plastretur og Tomra for å handtere plast frå heile landet. Anlegget nyttar avansert sensorteknologi for å sortere plasten i opptil ti ulike typar, noko som gjer det mogleg å materialgjenvinne ein større del til nye produkt eller emballasje. Kapasiteten er på 90.000 tonn årleg.
Anlegget er for tida inne i ein innkøyringsfase. Det betyr at det i ein overgangsperiode fram mot hausten kan vere behov for å sende enkelte leveransar til det tidlegare mottaksanlegget i Tyskland. Men frå den offisielle opninga av anlegget skal all hushaldningsplast frå kommunane våre behandlast i Noreg. Offisiell opning av anlegget er planlagt hausten 2025.