Innføring av betaling av papp/papir på miljøstasjonen frå 01.mai. 2020

Styret vårt har vedteke at frå 1.mai 2020, må ein betale 0,88 kr (inkl.mva) per kilo papir/papp eller kartong levert på miljøstasjonen, på grunn av eit tøft papirmarknad der bl.a. korona har gitt store utfordringar for papirsorteringsanlegga.

 

Papir ballar
Papiranlegga opplever store utfordringar på grunn av korona

Korona gir store utfordringar for papirsorteringsanlegga

I dag er 80% av papirindustrien basert på returfiber frå papir/papp og kartong. Dette er råvarer som blir sortert ut frå avfallet til innbyggjarar og næring.  I produksjonen av nye produkt, blir det I tillegg blanda inn mindre mengder med nye råvarer for å få ønska kvalitet.

I den siste tida har papir og pappmengdene hopa seg opp på grunn av redusert kapasitet til å behandle avfallet. Dette har samanheng med korona viruset som har ført til at produksjonen i fleire papirsorteringsanlegg har stoppa eller blitt kraftig redusert.

Den tøffe marknaden er også eit resultat av eit etterslep frå tidå då dei vestlege landa sendte mykje av papiravfallet sitt til land i Austen, slik som Kina, Vietnam og Filippinene. Etter at desse landa i praksis innførte importstopp av slikt avfall i 2018, har land i Vesten måtte tatt unna avfallet sitt sjølv, og det tek tid å bygge opp behandlingsanlegg til å ta unna mengdene. Men det er eit viktig steg i positiv retning. 

På grunn av meir netthandel har også mengdene med emballasje auka. Vi kjøper mykje meir varer på nett, gjerne produsert i Austen. Vi importerer altså ikkje berre produkt, men også emballasjen, som må behandlast her heime. Denne emballasjen er gjerne av anna kvalitet og.

Korona, lågare kvalitet på emballasje og eit tøft marknad for omsetting, har ført til at prisane på returpapir og papp har gått kraftig ned den siste tida. Noko som gjer at det no kostar å behandle papir- og pappavfallet vårt.

Basert på dette er det vedteke at private må betale 0,88 kr per kilo papir/ papp levert på miljøstasjonen frå 01.mai 2020

Håper dette er ei kortvarig løysing

Råvareprisar har alltid vore svingande og nokon av innbyggjarane våre kan kanskje hugse at dei tidlegare har opplevd å måtte betale for metall levert på miljøstasjonen, når marknaden har vore tøff. VØR følgjer tett med på papirmarknaden og håper dette blir ei kortvarig løysing og at papirmarknaden snart tek seg opp att.