Vil du vere med på å utvikle gode og miljøvenlege tenester for innbyggjarane i
kommunane Volda og Ørsta?
 
Vi søkjer ein allsidig person som kan sjå rasjonelle og heilskaplege løysingar som gir mykje miljøeffekt for pengane. Stillinga inneber inngåing og oppfølging av avtalar om avsetnad, tenester og innkjøp. 
Oppfølging og rettleiing av abonnentar og utbyggjarar er ein viktig del av jobben, saman med vidareutvikling av tenestene våre. 
 
Ønskja kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning innan økonomi, logistikk eller miljørelaterte fag
- Relevant erfaring
 
I tillegg ynskjer vi at du:
- Har gode samarbeidsevner og har vilje til å ta i eit tak der det trengs, når det trengs
- Har engasjement og fagleg innsikt innan avfall og miljø
- Har erfaring med innkjøp, avtalar og kvalitetsarbeid
- Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar 
- Er van med å jobbe tverrfagleg 
- Er tydeleg, målretta og kan ta avgjerder
 
Stillinga kan i nokon grad tilpassast søkjaren sin kompetanse og erfaring.

Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med dagleg leiar Hans Peter Eidseflot på tlf 908 53 634.
Søknad med CV sendast til firmapost@vor.no innan 05.01.2023 og merkast med «Søknad på stilling».