Knyt du eit handlenett på matavfallsdunken, får du utlevert ny matavfallsrull
Knyt du eit handlenett på matavfallsbehaldaren, får du utlevert ny matavfallsrull.

Sekkar til plast og matavfall

Ved bruk av «knyt på behalar» systemet fell den årlege utleveringsrunda bort. Erfaringar frå andre selskap viser at ein med denne nye ordninga får betre tilpassa utlevering etter behovet til kvar einskild abonnent. Utlevering av ny rull er kostnadsfritt. Sameige og dei som nyttar seg av nedgravde anlegg vil også få utlevert posar etter behov, men desse må ta kontakt med VØR, slik at vi får tilpassa utlevering. Det blir i tillegg høve til å hente rullar på miljøstasjonen i Hovdebygda og Grodås.

Slik er «knyt på behaldar» systemet

På hentedag for matavfall, papir og restavfall kan du knyte ein tom pose på handtaket til behaldaren for å signalisere til sjåfør at du treng påfyll av sekkar til anten matavfall eller emballasjeplast. Sameige og dei som nyttar nedgravd anlegg må ta kontakt med VØR per epost eller telefon.

For ny rull med plastsekkar til emballasjeplast: Knyt på vanleg handlenett eller plastsekk på handtak til papirbehaldar eller restavfallsbehaldar.

For ny rull med matavfallsposar: Knyt på grøn matavfallpose eller vanleg handlenett på handtaket til matavfallsbehaldar

 

Misbruk gir unødvendige kostnadar som går på gebyret

OBS! Vi minner om at grøne posar berre skal nyttast til matavfall og plastsekken til emballasjeplast! Emballasje er pakninga rundt eit produkt. Blank sekk til anna avfall får ein kjøpt på dei fleste daglegvare- og byggvarekjeder. Misbruk av kjeldesorteringsutstyr gir unødige meirkostnadar som går ut over fellesskapet sitt spleiselag.