Den nye merkeordninga for kjeldesortering er basert på det danske merkesystemet som blei lansert i 2017. Målet med denne ordninga er at ein skal legge til rette for eit felles nordisk system.Ambisjonane til Noreg og dei andre landa i Norden er at ein skal ha lik merking for kjeldesortering heime, på jobben, i det offentlege rom, på miljøstasjonar og på emballasje.

Denne ordninga skal bidra til å gjere det enklare for folk å sortere avfallet sitt og er eitt tiltak for å auke mengda resirkulert avfall til 65% innan 2035. Målet med god sorterting er at ein skal nytte mindre jomfruelege råvarer, og at dei råvarene og produkta som er i bruk skal vere i omløp mykje lenger. På den måten får ein ei meir berekraftig utvikling og ein sirkulær økonomi.

VØR har starta på jobben med å merke opp alle dunkane i kommunane Volda og Ørsta med dei nye merka, men dette tar tid.Det er mange tusen dunkar som skal merkast opp, og ein vil ta dette gradvis.  Våre abonnentar vil måtte forhalde seg til desse symbola både i kalenderen, på miljøstasjonen og etterkvart på alle dunkane heime. 

Merkeordninga består av ulike element som farge, symbol og tekst. Avfallstyper i same kategori har same farge, og kvart symbol representerer ein avfallstype. 

I kalenderen for henting av avfall vil ein sjå desse symbola på tømmedag: 

Restavfall

Restavfall.jpg

Matavfall

Matavfall.jpg

Glas- og metallemballasje

Glassemballasje.jpgMetallemballasje.jpg

Papir og papp

Papir.jpgPapp.jpg

Plastemballasje

Plastemballasje.jpg

Sjølv om symbola har ny farge skal avfallet i same dunk som før. Restavfallet skal leggast i dunk med grønt eller grått lok, papir og pappavfallet skal leggast i dunken med blått lok, glas- og metallemballasje skal leggast i dunken med gult lok, matavfall i dunken med brunt lok og plasten skal leggast i blank sekk merka med hushaldningsplast.