Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Ny kommunikasjonsleiar i VØR

Anne Mette er ny kommunikasjonsleiar i VØR

Anne Mette er ny kommunikasjonsleiar i VØR

Anne Mette Farstad er konstituert som ny kommunikasjonsleiar hjå VØR. Farstad kjem frå stillinga som driftssjef i same selskap og er dermed godt kjent med avfallsbransjen og VØR sin aktivitet.  

Farstad har tidlegare studert økonomi og administrasjonsleiing, i tillegg til to år på lærarstudiet ved høgskulen i Volda. Med ein pedagogisk bakgrunn i ryggsekken, gler ho seg spesielt til å jobbe opp mot born og unge. Farstad viser til at mange av dei gjeldande læreplanane til grunnskulen har kompetansekrav som går spesielt på å lære dei unge om eit ansvarleg og berekraftig forbruk av naturressursar og korleis dei sjølve kan vere med å påverke dette.

"Det er i denne generajonen ein kan skape haldningar som varer livet. Det er viktig å nå dei unge på deira arena, anten det er sosiale medier, skulen eller barnehagen." påpeikar Farstad.

Den nye kommunikasjonsleiaren oppmodar alle som ønskjer undervisning eller ei omvising på miljøstasjonen til å ta kontakt med henne. Vidare gler ho seg til å informere innyggjarane i Volda og Ørsta kommuner om riktig avfallshandtering og korleis ta gode val for miljøet.