Bilete av Returkartonglotteri vinnar. Snorre og Birk
Brørne Snorre og Birk har god grunn til å smile breitt som vinnarar i Returkartonglotteriet

Gav rask avkastning

«Verkeleg?!» Det var ei munter stemme i andre enden av telefonen, då kommunikasjonsansvarleg hjå VØR, Ina, kunne fortelje Hanne, at hennar kubbe med kartongar hadde blitt trekt ut som ein av vinnarane av 10 000,- i Returkartonglotteriet! Eller, rettare sagt, Snorre sin kubbe. Hanne byter nemleg på å skrive på namnet til hennar to søner, Snorre og Birk, på drikkekartongane.

Diplom vart overlevert til familien Karlsen, og dei kunne fortelje at dei har alltid vore flinke til å skylje, brette og stappe drikkekartongar. Men det var ikkje før Hanne såg at svigerfar skreiv på namn og nummer på sine kartongar i vår, at dei byrja å gjere det same sjølv. Dette skulle altså vise seg å gi ei rask avkastning.

Hanne jobbar til vanleg som lærar på Øyra barneskule og seier at det å skylje og brette drikkekartongar er noko dei øver jamt på. Ho presiserer at det er miljøet som er den viktigaste grunnen til at dei har denne praksisen både på skule og i heimen.

Når vinnaren sjølv blir spurt om kva han skal bruke premien på, trekk Snorre fram trampoline park og andre opplevingar som freistande. Men han må finne seg i å dele premien med broren, då familien allereie i førevegen hadde avtalt at dersom ein av brørne vant, skulle premien delast på to. Ein kan altså seie at det var to vinnarar denne gongen!

Slik kan eit lodd sjå ut
Slik kan eit lodd sjå ut

Ønskjer du sjansen til å vinne i Returkartonglotteriet?

Alle kan delta og vinne i Returkartonglotteriet, dette gjeld privatpersonar, organisasjonar, skular, klasser, idrettslag osv. Det viktigaste er at ein skriv på namn og nummer til kontaktperson på utsida av kartongen og har denne i papirdunken. Det er 4 trekningar i året, som blir utført på miljøstasjonen.

Kvar enkelt kartong er eit lodd. Dette gjeld mjølkekartongar, kefir, juice, tomat, saus og pudding-kartong. Skyl og brettar du ein og ein kartong, kan du vere med i trekninga om 10 000 kr.

For å vinne 100 000 må du skylje, brette og stappe minst seks kartongar i den sjuande til ein kubbe. (For skulemjølk kartongar gjeld fire kartongar opp i den femte). Kubbar er også automatisk med i trekninga om 10 000 kr.