Anne Karin Gjøsdal vart nyleg trekt ut som vinnar i Returkartonglotteriet, og kan no feire ein premie på 10.000 kroner. «Dette var overraskande og veldig kjekt» , jubla Anne Karin når ho fekk telefon frå VØR om at ho hadde vunne 10 000 kr i Returkartonglotteriet.

Fredag 20.05 tok kommunikasjonsleiar i VØR, Anne Mette Farstad, turen over til Lauvstad for å besøke den lukkelege vinnaren. Der vart vi møtt av eit hyggeleg ektepar, som kunne fortelje at det var mannen i huset som står for drikking av mjølka medan kona sorterer og brettar. På Lauvstad fekk Anne Karin utlevert diplom frå Grønt Punkt og blomar frå VØR som takk for god sorteringsinnsats.

«Dette er ein veldig kjekk del av jobben vår. Å få dele ut premiar til innbyggjarar som er gode til å sortere i kommunane våre er stor stas», seier kommunikasjonsleiar Anne Mette Farstad frå VØR.

Det blir gjenvunne så mykje som 12.000 tonn drikkekartongar per år, og Returkartonglotteriet har eksistert sidan 1997. Gjennom desse åra har folk rundt om i landet deltatt gjennom konseptet «skyl, brett og stapp». Kvart år trekk Grønt Punkt Norge ut 124 vinnarar som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Og nytt frå i år av er at det ikkje lenger er krav om at ein må lage kubbe for å vinne toppgevinsten.  

Drikkekartong er laga av jomfrueleg papir. Det vil seie at det er første gong dette materialet er i bruk, og ein mjølkekartong kan ha opptil sju-åtte liv framføre seg som for eksempel pizzakartong. «Å resirkulere brukte kartongar er langt mindre energikrevjande enn produksjon av papir frå nytt trevirke. Difor er gevinsten stor for miljøet når folk skyl, brettar og leverer kartong i dunken til papir og papp»,  fortel Grunnar Moen som er ansvarleg for Returkartonglotteriet i Grønt Punkt Norge.

 

Dette er Returkartonglotteriet

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar, bedrifter eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premier for til saman 1,6 millionar kroner. Dette blir fordelt på 120 premiar på 10 000 kroner og 4 premiar på 100 000 kroner.  

  • For å delta må ein skrive namn og telefonnummer på den som ein vil skal vinne på kartongen, og levere den/dei i papirdunken som blir tømt av VØR.

  • Drikkekartongane kan vere i ulike storleikar og ein kan levere kartongar frå alle type mjølk, kefir, juice, saus, pudding, vin og drikkeyoghurt.

  • NB! Skyl kartongen godt før ein legg den i papirdunken.