• Berre for avfall: Leige av hengar hjå VØR er berre for køyring av avfall til miljøstasjonen
  • Sikre lasta: Hugs å sikre lasta godt slik at ikkje avfallet er til fare for andre eller hamnar i vegkanten.
  • Leigetid: Hengarane kan leigast i maks 4 timar samanhengande.
  • Leige i helga: Vi leiger ikkje ut hengarane over helga. Ved laurdagsope vil det seie frå laurdag etter kl.12 til måndag.
  • Straumkontakt: Vi har 7-pols straumkontakt på hengarane. Evt overgang må ein ta med sjølv.
  • Gjer klart avfallet: Då det er mange som ønskjer å leige hengar, ber vi om at avfallet som skal køyrast er gjort klart på førehand.
  • Leige berre sommarstid: Då vi kun har sommardekk på hengarane, vert dei ikkje leigd ut på vinterstid.
  • Hald avtalte tider: Dersom hengaren ikkje er henta 30 minutt etter tidspunktet den er reservert, kan den bli leigd ut til andre.
  • Tøming av hengaren: Hugs å sette av tid til tøming av hengaren ved levering slik at ikkje nestemann må vente.
  • Tilhengarkalkulator: Sjekk tilhengarkalkulatoren frå Vegvesenet om du kan dra hengarane med bilen du har.
  • Reg. nr på hengarane: Hengar 1 reg.nr: BB2058, Hengar 2 reg.nr: BB1661
  • Pris for leige: Det kostar 200 kr pr gong å leige hengaren (går til vedlikehald)
Det blir tatt 200 kr i leigegebyr som går til vedlikehald av hengarane.

Registrerte opplysningar blir behandla i tråd med personvernerklæringa.

Nye tilhengarar