Plast forureining i naturen
Plast har lett for å hamne i naturen.

Fleire hensyn å ta

Renovasjonsforskriftene for kommunene Volda og Ørsta er tydelege på at alt avfall skal vere plassert opp i behaldaren, under lok, på hentedag. Dette vart igjen nylig vedteke av eigarkommunane til VØR. Dette er det tre grunnar til:

Unngå forureining- Når plastsekken ligg trygt i papirbehaldaren, unngår ein at denne med innhald hamnar på avvege i natur og forureinar dyr og menneskjer sitt levebrød. Spesielt skitten emballasjeplast (som skal i restavfall) tiltrekk seg svoltne fuglar som hakkar hol i plastsekkar og dreg med seg plasten utover. 

Lågare gebyrkostnadar- Det er eit verkemiddel for å halde gebyrkostnadar nede. VØR har til forskjell frå andre renovasjonsselskap ein sidelastar i staden for baklastar. Denne har ein robotarm som plukkar opp og tømmer behaldarane. Dette krev berre ein sjåfør som igjen gir rimelegare renovasjonsgebyr. Vi er då avhengig av at abonnenten gjer si plikt ved å skaffe seg ein behaldar til sitt behov og har plastsekken opp i papirbehaldaren. Mengder utover det som går i behaldaren kan ein levere på miljøstasjonen.

Helse og sikkerheit- Vi er pliktige til å tenke på helsa og sikkerheit til sjåførane våre og omgivnadane rundt, då våre bilar er bemanna av ein sjåfør. Det er lite forsvarlig å forlate førerhuset på tunge transportkøyrety på dagar med dårlig føre og sikt, spesielt i områder med born. Det er heller ikkje bra for kne og hofter på sjåføren dersom opp mot 200 behaldarar har ein eller fleire plastsekkar ved sidan av.  

Plastsamfunn
Vi lev i eit plastsamfunn

Plasten kan vere ei stor utfordring

Vi er stolte over innbyggjararne våre som kjeldesorterer så mykje emballasjeplast og dette vil som ein konsekvens ta sin plass i behaldaren. Det er ikkje utan grunn at vi i dag lev i det som kan kallast eit plastsamfunn. Plasten er vanskelig å unngå! Derfor ligg det inne i gebyret at kvart abonnement kan få ein storleik større papirbehaldar enn restavfallsbehaldar, kostnadsfritt. Det er også gratis å levere uavgrensa mengder emballasjeplast på miljøstasjonen.

Den aukande trenden med netthandel står for ein god part av mengda innsamla emballasjeplast og papp. Ikkje berre tek denne trenden stor plass i den blå behaldaren, men den er også ei utfordring for lokale butikkar som ynskjer å satse på lokal verdiskaping og som leverer produkta sine med mindre bruk av emballasjeplast.

Heldigvis, har vi som forbrukarar makt til å påverke dei som sel unødvendig emballasje og vi ser ei trend der stadig fleire butikkar og leverandørar "slankar" og reduserer bruken av emballasjeplast og anna unødvendig emballasje rundt produkta sine. Dette er takka vere medvitne forbrukarar som sett krav til produsentane!

Vi som forbrukarar har og eit ansvar for mengdene avfall vi produserer i kvardagen. Ved å kjeldesortere avfallet vårt sørger vi for å bruke opp att verdifulle ressursar, samtidig som vi reduserer presset på dei avgrensa naturressursane våre. Men det viktigaste tiltaket kvar enkelt kan gjere i heimen, er å redusere eigne mengder med avfall og emballasje. Det krev enorme ressursar for å hente ut råvarar frå jordkloda for å lage produkta vi omgir oss med i kvardagen. FN har anslått at dersom alle i verda skulle hatt same forbruk som ein gjennomsnittleg nordmann, hadde vi trengt 3,4 jordklodar for å dekke forbruket til alle! Dette er ikkje lenger berekraftig.

Tips og råd til all plasten og pappen

Om du er ein av dei som slit med kapasiteten i papirbehaldaren så kan du gjerne ta ein titt på desse råda:

  • Få ein storleik større papirbehaldar enn restavfallsbehaldar. Dette kan du bestille kostnadsfritt via Min Renovasjon appen eller ved å sende oss ein mail på bestilling@vor.no.
  • Knyt sterk dobbeltknute og press saman emballasjeplast-sekken før du puttar denne opp i papirbehaldaren på hentedag (gjerne sett deg på den eller gi den ein god klem. Sekken har små hol som gjer at den kan komprimerast utan at den sprekk).
  • Komprimer og press saman papp. Større mengder papp og emballasjeplast frå nyinnkjøpte møblar og større elektronikk varer er ikkje meint å ha i papirbehaldaren. Det er betre å samle dette opp og levere gratis på miljøstasjonen i Hovdebygda.
  • Reserver deg mot unødvendig reklame i posten. Du kan lage ditt eige merke eller laste ned lapp frå posten. Reklamer har eit negativt miljøavtrykk og kan vere ei kjelde til kjøpepress.
  • Skyll og brett drikkekartongar og få ein sjanse til å vinne 10 000 i Returkartonglotteriet. Om du stappar seks drikkekartongar i den sjuande, kan du vere med i trekninga om 100 000 kr! Hugs å skriv på namn og nummer på kartongen!
  • Unngå å ta med unødvendig emballasjeplast frå butikkar. Ta med eigen handlepose til frukt, grønt og matvarer. Pose til frukt og grønt kan du kjøpe mellom anna i lokale helsekostforretningar.
  • Last ned smarte apper som gir deg varsel om tilbod på varer og betre planlegging av innkjøp i kvardagen. Eit eksempel er tilbodsappen mattilbud.com eller planleggingsappen Wunderlist, der ein kan planlegge og skrive handleliste, og deretter krysser av etter ein har kjøpt det ein treng. Slike apper kan bidra til mindre impulskjøp og føre til mindre matsvinn og emballasje.
  • Kjøp forbruksvarer i familiestorleikar. Det kan vere lurt å kjøpe drikkekartongar, emballasje og baderomsprodukt i større behaldarar, då desse varer lengre og tek mindre plass i plastsekken enn mange mindre produkt.
  • Lever ekstra emballasjeplast og papp på Miljøstasjonen (om du har plass til lagring, gjerne spar opp mengder, så du kan levere alt på ein gong).
  • Pass på at du sorterer riktig, den er kun emballasje av plast som skal leverast i sekken for emballasjeplast. Sjå oversikt og eksempel her: Sorteringsguide og her: Sortere.no

Takk for at du er ein medviten forbrukar!