Vi i VØR jobbar stadig med å flytte avfall oppover i avfallspyramiden. Vi ser ikkje på avfall som søppel eller boss, men som råvarer og ressursar som kan nyttast. Før vart mykje av avfallet vårt sendt til deponering eller brenning (energigjenvinning), medan ein no fokusera på dei nivå som er høgare oppe i pyramiden. I 2022 vart heile 56,4 % av alt avfallet vårt gjenvunne. Det vil seie at ein nyttar avfallet som råvare til å lage nye produkt.

Avfallspyramide NY.png

I avfallspyramiden er det avfallsreduksjon som har høgast verdi, før ombruk, materialgjenvinning, energigjenvinning og deponering.

 

Materialgjenvinning

I 2022 gjekk 4386 tonn avfall til materialgjenvinning. Med materialgenvinning meiner vi at vi gjenvinner avfallet slik at dei ulike materiala kan brukast på nytt. Då reduserer vi behovet for å hente ut nye naturressursar.

 

Materialgjenvinning -1.png

 Og det er matavfall, papir, papp, hageavfall, slam og glas- og metallemballasje som står for den største tonnasjen. Men også metall som er levert på miljøstasjonen, plastemballasje, elektrisk avfall, trevirke, gips, noko farleg avfall (blant anna batteri), hardplast og isopor blir nytta som råvarer til å lage nye produkt.

 

Energigjenvinning

Energigjenvinning er å sende avfallet til forbrenningsanlegg der varmen blir nytta til å skape varmt vatn og straum. Samtidig tek ein helse- og miljøskadelege stoff ut av kretslaupet. I 2022 sendte vi 40,6% av avfallet vår til energigjenvining.

Energigjenvinning.png

Restavfall er den fraksjonen som står for den størst andelen som går til energigejnvinning. Restavfallet vårt frå dunkane som vi samlar inn og grovavfallet som kjem inn til miljøstasjonen blir sendt til forbrenning til Tafjord Kraftvarme i Ålesund. I tillegg vart noko hageavfall, trevirke og farleg avfall også sendt til forbrenning i 2022. Men i 2023 går alt hageavfall og trevirke til materialgjenvinning.

 

Deponi

 

Deponering av avfall er å grave ned avfallet på fyllingar. Dette skjer i dag under kontrollerte og forsvarlege tilhøve. Og det er ikkje lov til å deponere avfall som kan brytast ned i Noreg. I 2022 sendte vi i VØR 3 % av avfallet vårt til deponering.

Deponi-1.png

 

Det som vert sendt til deponi er uorganisk avfall som stein, betong, porselen, keramikk, flis, isolasjon og asbest.