Etter år med venting på løyve starta ein i 2021 med bygginga av omlastingsanlegget til VØR på Melsgjerdet. Grunnarbeidet på Melsgjerdet var for det meste ferdig til sommaren 2021, og etter ferien starta ein med å reise bygga. No er taka på bygga tette, og ein har starta med innreiingsarbeidet i dei ulike bygga. Det er Aurstad Tunnel AS som er hovudentreprenør på prosjektet, og saman med mange underentreprenørar har dei gjort ein flott innsats så langt. «Det har vore eit godt samarbeid med Aurstad Tunnel AS, og vi er stolte over å ha ei så dyktig bedrift i bygda vår», seier styreleiar i VØR Anne Ellingsen i takketalen under kranselaget.

Omlastingsanlegget på Melsgjerdet er eit resultat av strengare krav til oppbevaring av avfall og meir utsortering av ulike avfallsfraksjonar. Skal ein kunne ta i mot fleire sorterte fraksjonar ved anlegget i Hovdebygda er det nødvendig med meir plass. Det er også eit krav frå Statsforvaltaren om at alt avfall skal mellomlagrast under tak og på tett dekke.

Innsamlingsdelen til VØR blir frå juni flytta frå anlegget i Hovdebygda til Melsgjerdet. Alt avfall som blir samla inn hjå dei private hushaldningane i kommunane Ørsta og Volda skal tømast og lastast om ved omlastingsanlegget på Melsgjerdet. Miljøstasjonen skal fortsatt vere plassert ved anlegget i Hovdebygda.

Anlegget på Melsgjerdet blir eit stort moderande omlastingsanlegg med luktsluser, avtrekksanlegg og reinsing av alt vatn på området.Gjennom søknad- og byggeprosessen har det kome pålegg frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om utbetringar og andre løysingar, deriblant reinsing av alt overflatevatn på området. «Vi er opptekne av å vere ein god nabo for dei som bur i området. Pålegga frå Statsforvaltaren har vore naudsynte, og desse gjer at vi no får eit enda betre resultat på prosjektet.», seier Anne Ellingsen.  

Anlegget på Melsgjerdet består av 2 bygg, i tillegg til at det vil kome vekt for inn- og utveging av lastebilar og eit leveringspunkt for fritidsbustadar i området. Bygg A inneheld vaskehall, lasterampe, mottaks- og omlastingsanlegg for matavfall og restavfall, og eit administrasjonsbygg med m.a kantine, kontor, garderobe. Bygg B er omlastingshall og lager for innsamla papir, plastemballasje, glas- og metallemballasje.

VØR ser fram til opninga av anlegget, og takkar Aurstad Tunnel AS og underleverandørar for arbeidet så langt.