Startar i Ørsta

Opplegget blir gjennomført etter same modell som i fjor, der bygdene i Ørsta kommune har bygderydding før sommaren, medan Volda kommune gjennomfører etter sommaren.
Under bygderyddinga kan innbyggjarane levere metall og elektrisk avfall på oppsette innsamlingspunkt i bygdene.

Bygderyddinga er eit populært tilbod som kvart år bidreg til ryddigare bygder og mindre forsøpling. I fjor vart det samla inn 117 tonn metall og 31 tonn elektrisk avfall frå bygdene i Ørsta og Volda.

Samarbeid er avgjerande

Bygderyddinga er eit samarbeid mellom VØR, Retura Søre Sunnmøre og grendelaga, som bidreg til praktisk gjennomføring i dei ulike bygdene. Samtidig er ein heilt avhengig av godt samarbeid med innbyggjarane for at ordninga skal fungere etter hensikta. Det er viktig at det berre blir levert det avfallet som ordninga gjeld, slik at innsamlinga kan gjennomførast på ein trygg og ryddig måte. «Vi er glade for at vi over fleire år har fått til eit godt tilbod med bygderydding i samarbeid med bygdene. Samtidig er vi heilt avhengige av at alle gjer sitt, og leverer rett avfall, for at ordninga skal fungere best mogleg for alle», seier seier driftsleiar i VØR, Bjarne Solbakke, og driftsleiar i Retura Søre Sunnmøre, Aasmund Karoliussen.

 

Kjem til desse bygdene

Bygderyddinga startar i Ørsta, der Follestaddalen, Standal og Trandal er først ut og får utsett av konteinarar 13. april. Deretter held bygderyddinga fram i Barstadvik, Nordre Vartdal, Bjørdalen, Vatne, Norangdal, Urke, Åmdalen og Bondalen. Nedanfor finn de oversikt over når vi er i dei ulike bygdene: 

 

BygdFrå Til
Follestaddalen 13.04.202620.04.2026
Standal13.04.202620.04.2026
Trandal13.04.202620.04.2026
Barstadvik 20.04.202627.04.2026
Nordre Vartdal 20.04.202627.04.2026
Bjørdalen 27.04.202604.05.2026
Vatne27.04.202604.05.2026
Øye04.05.202611.05.2026
Urke04.05.202611.05.2026
Åmdalen18.05.202626.05.2026
Bondalen18.05.202626.05.2026