Innlevering av kasserte fritidsbåtar til VØR

Miljødirektoratet har eiga refusjonsordning for fritidsbåtar levert på godkjent mottak. VØR kan ta i mot kasserte fritidsbåtar under 15 fot (4,57 m) utan innebygd motor. Den som leverer inn fritidsbåten må levere inn utfylt skjema frå Miljødirektoratet til vektoperatøren for å få refusjon. 

Mindre fartøy som seglbrett, kano, gummibåt med skrog og kajakk, kan ein også få pant for. Fritidsbåten må leverast heil for å få refusjon.

 
Ved levering av større båtar enn 15 fot, må ein ta kontakt med Retura Søre Sunnmøre.
 

Viktig informasjon ved levering av båtvrak

  1. Publikum skal sjølv ha med seg eit ferdig utfylt papirskjema.
  2. Dette skjemaet er å finne på Miljødirektoratet sine sider
  3. Skjemaet må signerast av vektoperatør på miljøstasjonen. 

Når båten er levert​

  1. Last opp skjemaet elektronisk som vedlegg til søknaden om Vrakpant - tilskudd til innlevering av kasserte fritidsbåter i Miljødirektoratets søknadssenter for å få refusjonen på 1000 kr.

Når kjem pengane?

Sender du skjemaet elektronisk, vil pengane kome innan ein til to månader. Skjema på papir vil ta lengre tid å behandle. Spørsmål kan stillast til Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller på e-post: esshjelp(at)miljodir.no. Meir informasjon om vrakpant på båtar er å finne på Miljødirektoratet sine sider.