Då er vi i gang med ny innsamlingsrunde av farleg avfall på bygdene! Alle abonnentar vil få ein SMS ei veke før innsamlingsaksjon tek til i deira bygd. Vi minner om at på innsamlingsaksjonen får ein tømt raudeboksa si, samtidig som ein kan levere mindre mengder farleg avfall og småelektrisk, t.d målingsrestar, lysrøyr, lampar, leidningar, hårfønar, bilbatteri, oljefilter, emballert olje og drivstoff osv. 

Dette kan ikkje leverast:

  • Abonnentar kan levere alt av farleg avfall utanom asbest/eternitt, impregnert trevirke, kreosot, klorparafinhaldige vindu og pcb-vindu.
  • Eksplosiver,  ammunisjon, fyrverkeri og stjerneskot (skal leverast tilbake til forhandlar eller politi)
  • Restavfall, matavfall, trevirke, papp, plast, isopor, metall og glas og metallemballasje.
  • Store elektriske artiklar og kvitevarer. Slikt må leverast på miljøstasjonen.

Vi minner også om høvet til å møte opp ved andre innsamlingspunkt dersom tidspunktet i di bygd ikkje høver. Oversikt over tidspunkt og kvar vi står i kvar bygd finn du nedanfor. 

Ørsta kommune

Dato: 02.09.2020

Follestaddalen (ved samfunnshuset)

Kl. 11.00-11.30

Store-Standal (ved ferjekaia)

Kl. 12.30-13.00

Nordre-Vartdal (ved gamle fabrikken)

Kl. 14.00-14.30

Barstadvik (ved skulen)

Kl. 16.30-17.00

Søre-Vartdal (ved MC-deler)

Kl. 17.30-18.15

 

Dato: 03.09.2020

Øye (ved brannstasjonen)

Kl. 11.00- 11.30

Urke (ved butikken)

Kl 11.45-12-15

Rekkedal (ved skulen)

Kl. 13.45- 14.15

Sæbø (ved brannstasjonen)

Kl. 16.15-17.00

 
Volda kommune
Dato: 09.09.2020

Bjørke (ved Tussastasjon)

Kl. 11.00-11.30

Kalvatn (ved busshaldeplass V. E-39)

Kl. 12.00-12.30

Fyrde (ved Samhald)

Kl. 15.00-15.45

Dato: 10.09.2020

Steinsvika (ved Olivinkaia)

Kl. 11.00-11.30

Dalsbygda (ved krysset Dalsfjordvegen og Dalsbygdvegen)

Kl. 12.00-12.30

Folkestad (ved butikken)

Kl 15.45-16.30

 
Dato 16.09.20

Dravlaus (busslomme ved skulen)

Kl.10.30-11.00

Velsvika (busslomme)

Kl.11.30-12.00

Lauvstad (ved ferjekaia)

Kl.16.00-16.30

Dato 17.09.20

Bjørkedalen (Ved Statens vegvesen garasje)

Kl.11.00-11.30

Straumshamn (ved kaia)

Kl. 12.15-12.45

Høydal (ved fabrikken)

Kl.13.45-14.15

Dato 28.09.20

Hornindal (ved miljøstasjonen på Grodås)

Kl. 16.00- 18.00

Lokasjon av miljøstasjon finn de her: https://kart.1881.no/?query=Ytrehornsvegen%2049&type=adresse

Vel møtt!