Farleg avfall er avfall som inneheld helse – og miljøfarlege stoff. Dette er avfall som det er ekstra viktig blir levert som eigen fraksjon til godkjente mottak som VØR er. Farleg avfall kan gjere stor skade om det hamnar på avvege, for eksempel i naturen eller i restavfallet.

Ved farleg avfall aksjonane vår (og på miljøstasjonen) kan privatpersonar gratis levere:

  • Alle typar lysrøyr og lyspærer
  • Sprayboksar (tomme og med innhald)
  • Maling, lim og lakk
  • Bilbatteri og mindre batteri
  • Restar frå kjemikalie- og reinhaldsprodukt
  • Løysemiddel
  • Olje og drivstoff
  • Småelektrisk avfall som til dømes: batterileiker, lampar, mobiltelefon, ladarar,data etc.

Det er viktig at flytande avfall er godt emballert, og gjerne i originalemballasjen med faremerking på. Er de usikker på om noko er farleg avfall, spør gjerne våre operatørar ute på aksjonane eller på miljøstasjonane vår. 

NB! Trykkimpregnert trevirke, asbest og vindauge som inneheld PCB og klorparafiner er farleg avfall som må leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda. Privatpersonar kan levere inntil 1000kg farleg avfall gratis per år. 

Nedanfor finn de oversikt over kva bygder vi kjem til og tidspunkt for når vi er der. 

Volda Kommune

Dato

Klokkeslett

Bjørke

20.03.23

13.00-13.30

Kalvatn

20.03.23

14.00-14.30

Fyrde

20.03.23

15.00-15.30

Grodås

20.03.23

16.00-18.00

Høydal

22.03.23

14.00-14.30

Straumshamn

22.03.23

15.15-15.45

Bjørkedalen

22.03.23

16.15-16.45

Folkestad

22.03.23

17.15-18.00

Dalsbygda 

23.03.23

14.30-15.00

Steinsvika

23.03.23

15.30-16.00

Dravlaus

23.03.23

16.30-17.00

Velsvika

23.03.23

17.30-17.50

Lauvstad

23.03.23

18.15-19.00

Grodås

27.03.23

16.00-18.00

Ørsta kommune

Dato

Klokkeslett

Øye

29.03.23

11.00-11.30

Urke

29.03.23

12.00-12.30

Rekkedal

29.03.23

13.30-14.00

Standal

29.03.23

15.00-15.30

Trandal

29.03.23

16.00-16.25

Sæbø

29.03.23

17.00-17.45

Follestaddalen

30.03.23

14.30-15.00

Åmdalen

30.03.23

15.30-16.00

Barstadvika

30.03.23

17.00-17.30

Nordre-Vartdal

30.03.23

18.00-18.30

Søre-Vartdal

30.03.23

19.00-19.45