Kva er impregnert trevirke?

Impregnert trevirke er trevirke som er nytta utandørs og behandla med stoff for å tole dårleg vær og vere beskytta mot ròte og sopp. Slikt trevirke er typisk brukt til terassar, gjerdestolpar, leikestativ og rekkverk. Impregnert trevirke innheld stoff som ved brenning utgjer ei fare for helse og miljøet, og må derfor leverast til godkjent mottak for sikker behandling.

 

Kreosot impregnert trevirke er trevirke med typisk brunfarge på på grunn av tjæra.
Kreosot impregnert trevirke er trevirke med typisk brunfarge på på grunn av tjæra.

To typar impregnert trevirke

Det er to typar impregnert trevirke som blir rekna som farleg avfall.

Trykkimpregnert trevirke er trevirke som innheld krom,kopar og arsen-saltar (såkalla CCA-impregnert). Trykkimpregnert trevirke har gjerne ein grøn-aktig farge på seg. Det er spesielt krom og arsen som utgjer den største helsefaren ved forbrenning og desse stoffa finn ein hovudsakleg i impregnert trevirke produsert før 2002.

Den andre typen er kreosotimpregnert trevirke. Denne har gjerne ein brun-aktig farge på grunn av tjæra som er satt inn.

Impregnert trevirke leverer ein som farleg avfall på miljøstasjonen i eigen konteiner for impregnert trevirke. Kvar abonnent kan levere inntil 1000 kg med farleg avfall i året kostnadsfritt.

Unntak

Det finst impregnert trevirke på marknaden som kan kastast saman med vanleg trevirke. Dette gjeld for eksempel Kebony, som er ein naturleg impregnering som ikkje inneheld farleg stoff, eller har den typiske grønaktige fargen.

Vi har også Cu-impregnert trevirke som er trevirke behandla med kopar-saltar, men utan tungmetallane krom og arsenikk.Typisk eksempel på dette er Royal impregnert trevirke. Ut frå eit kjeldesorteringsperspektiv er denne typen trevirke vanskeleg å skilje frå vanleg trykkimpregnert trevirke. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har dokumentasjon på Cu-impregnert trevirke før levering.