Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) vart etablert som eit interkommunalt selskap etter valet i 1983. Første konstituerande årsmøte var 15. mai 1984. Løyve i Hovdebygda fekk selskapet i oktober 1988 og frå 01.01.1989 tok dei over mannskap frå Volda og Ørsta kommunar som tidlegare arbeidde med renovasjon. 

Den første tida vart avfall transportert til Ålesund for forbrenning. Allereie eitt år seinare såg miljøstasjonen på Hovdebygda dagens lys. I takt med ein stadig vekst i avfallsmengda blant hushaldningar og bedrifter, har anlegget gått gjennom ei rekke utbyggingar og moderniseringsprossessar.

På offensiven

I 1994 startar VØR med utsortering av papir og glas i eigne fraksjonar. I 1995 kjøper VØR meir tomteareal, bygger nye garderobar og utvidar kontorkapasiteten. I 1998 opnar ny sorterings- og gjenbrukshall, der privatkundane sjølve sorterer avfallet. I 1999 innfører VØR henteordning for plastemballasje. I 2000 blir dei svarte bossekkane bytta ut med grøne 140 L behaldarar, og differensierte avgifter etter hentefrekvens og mengd vert innført. I 2002 kjem den første sidelastarbilen i drift. Same år blir blåsekken bytta ut med grønn 140 L dunk med blått lok. I 2004 blir det bygd det ny lagerhall og ny sorteringshall. Mottaksordninga for hageavfall blir også betra. I 2005 er mindre enn 2 % av avfallet sendt til deponi og VØR startar med papirsortering i eigen regi, heilt til miljøstasjonen i 2008 brenn ned til grunnen.

Opp frå osken

For avfallshandtering i regionen, blir brannen eit skot for baugen. Heldigvis startar arbeidet for å få på plass ny miljøstasjon raskt og to år seinare opnar ein forbetra miljøstasjon portane. I 2004, som svar på ei lovendring om klarere skilje mellom konkurranseutsette avfallsfraksjonar og monopoldrift, opprettar VØR Retura Søre Sunnmøre (RSS). Det heileigde selskapet får ansvar for å ta seg av avfall frå næringslivet i kommunane. I 2010 kjøper RSS opp kontainerselskapet Kran og Miljøservice AS, for å tilby totaltenester innan kran- og kontainerutleige, avfallshandsaming, ulike henteordningar og makulering av papir. Samla omset VØR og RSS no for 20 millionar kroner.

Ei ambisiøs framtid

I 2015 sette VØR nye mål for framtida. Innan 2020 skal heile 60% av det samla avfallet i Volda og Ørsta gjennvinnast. Henteordning for glas- og metallemballasje hos privatkundar trer i kraft i 2016, samtidig som det vert innført henting av restavfall kvar 14. dag for alle abonnentane. Henteordning for matavfall vert iverksatt som ei prøveordning året etter.