Du kan levere hageavfall kostnadsfritt til miljøstasjonen heile året. Hugs å tømme hageavfallet ut av sekkane ved levering, hageavfallet må ikkje blandast med plast. Du finn behaldarar for plast ved hageavfallet. 

Hugs å sikre lasta på veg til miljøstasjonen. Du kan leige hengar for levering av hageavfall og anna avfall med oss.

- Trestammer skal vere under 25 cm på det tjukkaste for å verte definert som hageavfall.
- Sagflis i mindre mengder frå nedknusing av kvist og liknande er hageavfall
- Trerøter, steinheller, pyntesteinar, sand og jord er avfall som skal til deponi og skal leverast som ikkje-brennbart restavfall.
- Svartelista planter skal leverast til forbrenning og må ikkje blandast i lag med hageavfallet. Sjekk oversikt over desse artane her: Fremmedartslista

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

JA

NEI

Greiner og kvistar

Hageavfall i sekkar (må tømmast)

Lauv

Røter (ikkje-brennbart restavfall)

Mose

Jord (ikkje-brennbart restavfall)

Nedfallsfrukt

Stein (ikkje-brennbart restavfall)

Kutterflis

Grus (ikkje-brennbart restavfall)

Blomster

Trestamme over 25 cm diameter (trevirke)

 

Svartelista planteartar (brennbart restavfall)