Utplassering 1

Ville prøve gjenvinningsfaget

Medan dei andre elevane på Herøy vidergåande skule på naturbruklinja skulle ha utplassering på fiskebåtar og oppdrettsanlegg, så ynskte Andreas å prøve noko anna. Han er nysgjerrig på gjenvinningsbransjen og etter samtale med rådgivar og VØR, vart det avtalt at han skulle få prøve seg i arbeidslivet som renovatør.

Utplassering.
Andreas likte best å hjelpe besøkande på miljøstasjonen

Ei veke som renovatør

På spørsmål om han kan trekke fram nokon ting han har lært denne veka, nemnar Andreas at han har lært at ting ein tenker er restavfall ikkje alltid er restavfall. "For eksempel ei solseng, som er samansatt blant anna av metall, skal sorterast som metall, og ikkje restavfall"- påpeikar han

Han viser også til at det finst to ulike typar isopor, som skal sorterast forskjellig. 

Kjekt å hjelpe folk på miljøstasjonen

Andreas må tenke seg om når han blir spurt kva som var det kjekkaste han gjorde i løpet av arbeidsveka. Han trekk fram tida på miljøstasjonen som ein av dei artigaste erfaringane. Då fekk han vere blant folk og hjelpe besøkande å sortere avfallet sitt. Han legg til at det også var spennande å sjå kva folk hadde med seg til miljøstasjonen.

Når Andreas blir spurt om kva som var mindre kjekt, er han klar på ein ting:  "Det var avfelging av dekk. Det vart litt einsamt" seier han.

Etter ei veke hos oss, vart vi nysgjerrige på kva han tenkte om gjenvinningsfaget. Derfor måtte vi spørre om han kunne tenke seg å jobbe i gjenvinningsbransjen i framtida: "JA!" kjem det raskt frå Andreas saman med eit stort glis.

Vi takkar Andreas for innsatsen og er glade for at fleire unge interesserer seg i det grøne skiftet og gjenvinningsfaget!